Vis – forklar – vis

Ein dugande trenar sa ein gong “Don`t tell me, show me”. Spelarane si forståing av ein teknikk, ei rørsle eller ei øving aukar markant viss du følgjer denne trenaren sitt råd. Å sjå noko med eigne auge gir ei generell forståing av det du som trenar ønskjer å formidle. Når du først viser det og i etterkant set ord på kva du gjorde, får spelarane i ei langt større forståing av kva du meiner. Mange gonger kan det vere ein idè å slutte av med å vise øvinga/rørsla igjen. Då vil spelarane gå derifrå med eit klart biletet av kva som skal skje.

Døme:
Du ønskjer å vise spelarane dine korleis vi tar ein underarmsserv. Du startar med å vise korleis underarmserv ser ut. Deretter forklarar du at du står med det eine beinet framfor det andre, at vekta vert flytta frå det bakerste til det fremste beinet og at ballen vert slått ut av handa. Så sluttar du av med å vise underarmsserven endå ein gong.

Share on print
Skriv ut artikkelen