Korleis planlegge treninga?

Korleis planlegge treninga?

Grunnane til å planlegge ei økt, og vere førebudd til ei økt som trenar, er truleg innlysande for mange. Den kanskje viktigaste grunnen til å legge ned det arbeidet, er at øktene vil både opplevast som kjekkare og legge til rette for meir læring for utøvarane. Likevel er realiteten slik at ein stor del av trenarar ikkje planlegg økter i forkant, eller at planlegginga ikkje har den strukturen og kvaliteten vi skulle ønskje. Ein travel kvardag kjem ofte opp som ein grunn. Andre er usikre på praktiske forhold, som til dømes kor mange utøvarar som kjem til å vere på økta, og vel difor å ikkje planlegge for ikkje å “binde” seg til eit gitt antal utøvarar.

Planlegging vil ta litt tid, men treng ikkje vere veldig tidkrevjande. Det er viktig å understreke at god planlegging ikkje handlar om at alt skal vere førebudd til minste detalj, men om å skape ei god ramme for den økta du skal halde. Dersom ein slit med å vite kor mange utøvarar som kjem på økter til ei kvar tid, så er det sjølvsagt ein fordel å ha gode rutinar for å skaffe seg denne oversikta så langt det lar seg gjere (her kan ein til dømes nytte verktøy for tilbakemelding som SPOND). Samstundes vil det alltid oppstå situasjonar rett før økta, eller i sjølve økta, der utøvarar blir sett ut av spel. Så lenge ramma er godt førebudd, vil sjansane for å kunne tilpasse seg den nye situasjonen på ein god måte vere betrakteleg styrka.

Sjekk ut www.spond.com!

Ein øktplan, som vi vil presentere og forklare vidare no, kan vere med på å hjelpe med å strukturere førebuinga til ein trenar. Førebuinga vil ta mindre tid, ein sikrar seg at kvaliteten på førebuinga har kontiunitet ved å vere nøydd til å tenkje gjennom viktige aspekt ved det ein ønskjer å gjere på økta, og sjølve økta vil flyte betre, både for trenarar og utøvarar. Med eit slikt verktøy, vil det å bruke ein halvtime på søndag kveld kunne utgjere ein stor forskjell på dei øktene du skal halde den komande veka. Som andre planar, er ein øktplan også til for å endrast, og endringar innad i økter og treningsveker vil og må skje av ulike grunnar. Sjølv om vi veit at det vil måtte endrast og tilpassast undervegs, er dette likevel ein særs dårleg grunn til å ikkje førebu seg. Når ein meistrar å skape gode utgangspunkt for økter, vil ein meistre dei tilpassingane ein må gjere. Er det alltid enkelt? Nei. Men, som alt anna, er det noko vil bli betre med god trening.

Ein kan, og kanskje ein bør, finne sine eigne vegar når det gjeld planlegging. Planen over er såleis ingen fasit på korleis ein MÅ gjere dette. Samstundes, så håpar vi at vår mal kan vere eit utgangspunkt for kva ein bør tenke gjennom i denne fasen. Vi har vald å legge vekt på følgjande moment, med nokre tips:

Praktisk informasjon + eit praktisk tips 👷‍♀️

Dato, tid, gruppe og antal. For grupper som trenar i ulike hallar, vil truleg stad eller antal baner kunne vere eit punkt, der ein har ulike moglegheiter på økta av praktiske grunnar. Det same kan mogleg gjelde for kva utstyr ein har tilgjengeleg.

Tips! 💡 Bruk ein whiteboard! Kva vi skal gjere på ei trening treng ikkje vere hemmeleg og gøymd i ei bok, korkje for deg som trenar eller utøvarane sin del. Fokus, nøklar, gode feil, navn på øvingar og inndeling av lag til spel er dømer på kva som kan vere praktisk å ha med på ein whiteboard. Uansett nivå og kor detaljert ein ønskjer å vere, så vil ein whiteboard kunne vere eit utruleg nyttig verktøy. Gje utøvarane eit godt bilete av kva som skal skje, og spar deg sjølv x-antal turar ned i sekken for å finne fram boka!

Har du ikkje tilgang til ein whiteboard i hallen i dag? Då kan det vere ei god investering for ein klubb. Dersom ein kan henge noko permanent på ein vegg i den faste treningshallen, så er det ofte det mest praktiske. Har du korkje plass til å lagre, eller lov til å feste noko permanent, så finnast det meir midlertidige løysingar:

Selvheftende Whiteboardfilm

KVA, KVIFOR og KORLEIS + tips om korleis vi kan lage gode nøklar 🔑

  • KVA ønskjer vi å jobbe med på ei økt? Dette har vi kalla hovudfokus. Av dette, så vil det i nokre tilfelle vere naturleg med eit delfokus. Dersom vi ønskjer å jobbe med serv som hovudfokus, vil mottak vere eit naturleg delfokus (eller motsett).


  • KVIFOR ønskjer vi å jobbe med dette? Kva er utfordringane utøvarane har med det vi har vald som fokus? Vi ønskjer å bruke nokre setningar på å skildre kva som er utfordringane med til dømes serv og mottak. Kort og konkret!


  • KORLEIS skal vi løyse utfordringane? Kva nøklar skal vi nytte for å få dette til? Nøklar er eit ord, eller eit kort uttrykk, der vi skildrar kva ein ønskjer å oppnå, og dannar grunnlaget for kva vi som trenarar skal kommunisere gjennom ei økt for hjelpe utøvarane til å finne gode løysingar.

Tips! 💡 Gode nøklar for dei ulike delane av spelet er noko som kan vere særs nyttig for både trenarar og utøvarar. Her er eit døme på korleis du kan lage ein god nøkkel for ferdigheiten mottak:

  • Ta utgangspunkt i spelet. Kva er kjenneteikn på eit godt mottak?

Nokre potensielle kjenneteikn:

 1. God førebuing før ballen blir serva (fokus, pust etc)

2. Ofte eit lite “split-steg” når samstundes som ballen blir serva, for å vere i ein god posisjon til å bevege seg

3. Ofte ein sterk og tydeleg vinkel når ballen treff mottakaren

4. God rytme → Ofte ein separasjon av bevegelsar (først flytte bein → så spele ball)

  • Lag nøklar ut frå kjenneteikna du finn

Forslag:

  1. God førebuing → Klarstilling
  2. Klar til å bevege seg → Split-steg
  3. Når mottaket blir spelt → Vinkel mot target
  4. Rytme → 1-2-3

Gå gjennom nøklane saman med utøvarane, og sjekk at dei forstår kva dei handlar om. I nokre tilfeller kan det vere lurt å gjere endringar i samråd med utøvarane, dersom dei ser at noko kan bli skildra meir presist.

Bruk nøklane i planlegging, på whiteboarden din, og når du kommuniserer til utøvarane på trening og i kamp!

Nøklar treng ikkje utelukkande vere noko ein nyttar om sjølve spelet, og tekniske eller taktiske element knytta til det. Vi kan også lage gode nøklar som handlar om korleis vi ønskjer å framstå som lag, på og utanfor bana!

Oppvarming, trening av ferdigheiter og spel + eit praktisk tips 🔗

Vi har vald å dele treningsøkta i tre delar. Målet er at økta skal ha ein raud tråd frå oppvarming, via trening av ferdigheiter til spel. Den raude tråden startar med kva vi har vald som fokus, korleis vi har skildra utfordringane, og kva nøklar vi har vald. Desse tre punkta avgjer kva aktivitet vi vel, med andre ord kva som vil vere mest føremålstenleg med tanke på det vi ønskjer å jobbe med. Samstundes vil dei vidare legge føringar for spørsmåla i den siste kolonna.

  • Oppvarming

Kan vi gjere den fysiske oppvarminga før halltida startar? I så fall, gjer det! Sjekk ut Korleis trene fysisk for volleyball og sandvolleyball for gode innspel til kva som kan vere god oppvarmingsaktivitet. Dersom det er mogleg, ønskjer vi at ballen blir involvert frå starten av treninga, gjerne over nettet. Leik med ball for dei yngste og diverse spel på små baner for dei eldre er kjekke måtar å starte ei trening på, og fungerar samstundes glimrande som spesifikk oppvarming til idrettane våre.

Oppvarming er noko mange vil forbinde med fysisk aktivitet utan ball, og det er godt mogleg vi heller burde kalle denne delen av treninga førebuing. I vår øktplan, vel vi aktivitet i oppvarminga som heng saman med fokuset for økta. Dersom fokuset for økta til dømes er mottak, så er ei øving som Butterfly eller Sommarfugl noko som kan nyttast:

Butterfly Drill – Volleyball Drill

Dette er eit døme på ei øving som kan nyttast for mange ulike element, og ikkje berre for mottak. Legging, serv og angrep kan også vere aktuelt her. Dersom vi treng tid til at utøvarane skal varme opp skuldrane, så kan vi til dømes starte med at dei kastar ballar over nettet, vidare til at dei spinner ballar over nettet, før ein kanskje går over til full serv etterkvart.

Ulike øvingar for å halde ballen i gang over nett, er eit anna døme på noko som vil kunne passe bra inn i denne delen av treninga. Over nett pepper er eit døme på dette:

Inside Volleyball Practice: Small Group Training Sessions Over The Net Pepper Coach Ashlie Hain

På same måte som i Butterfly vil ein her kunne velge å settje fokus på dei elementa ein ønskjer. I denne videoen blir øvinga nytta med få utøvarar, og kun diagonalt. Her kan ein både utvide antal utøvarar på bana/i gruppa, og kva retning ein jobbar i:

https://usavolleyball.org/video/usav-drill-video-3-on-3-cooperative/ 

https://usavolleyball.org/video/usav-drill-video-2-vs-0/ 

Eit viktig poeng når det gjeld desse eller liknande øvingar, er at dei ikkje er avhengig av eit nøyaktig antal utøvarar. Dei kan samstundes tilpassast nivået spelarane er på, utan at vi trenar på ein måte som ikkje liknar på volleyball eller sandvolleyball. Liknar det på volleyball eller sandvolleyball er kanskje det viktigaste spørsmålet ein bør stille seg når det gjeld val av øvingar. Sjekk Korleis skape best mogleg læring for å lese meir om bakgrunnen for å stille eit slikt spørsmål.

  • Trening av ferdigheiter

I denne delen legg vi inn noko som gjer at vi får trent spesifikt på dei områda vi har vald som fokus. Medan oppvarmingsdelen kan seiast å vere meir generell, vil vi no spisse merksemda mot til dømes det å angripe i overgangsspel (altså etter blokk/forsvar), mottak eller serv. Nøyaktig kva vi vel i vårt døme, som du kan kikke meir på via linken nedst på denne sida, er ikkje så nøye i denne samanhengen for deg som les. Poenget er at det er ein samanheng med det som har skjedd før, og det som skal skje etter. 

  • Spel

Sjølv om øktplanen vår er delt i tre delar, betyr ikkje det at dei tre delane er vekta likt med tanke på bruk av tid. Spel, i ein eller anna form, bør alltid vere fundamentet i ei økt, dersom målet med å trene volleyball eller sandvolleyball er å meistre å spele desse idrettane. Dersom målet var å bli flink til å drille volleyball i eit fast mønster, så burde drillar hatt tilsvarande plass. Spørsmålet i denne samanhengen, er korleis vi kan knyte den raude tråden (fokus, nøklar og starten av treninga) saman i spel. Vårt døme i linken nedst, har ei økt der ein ønskjer å trene på å angripe djupt i bana, frå høge/medium høge legg. For å sikre at vi får nok av dei situasjonane i spel (seks mot seks), legg vi inn at ein av dei tre ballane i spelet vi har kalla Multiball blir satt i gang med eit høgt/medium høgt legg. Sjølv om mange av dei situasjonane også vil oppstå på dei andre ballane, og undervegs i ballvekslinga, sikrar vi oss at alle får øve på desse situasjonane i løpet av dei fem minutta som kvar runde varar.

Spel kan designast i mange ulike variantar, og treng ikkje vere seks mot seks. Som eit døme, kan du tenkje deg at fokuset for økta di er forsvar. Dersom ein utelukkande spelar seks mot seks, kan ein risikere at utøvarane ikkje får nok moglegheiter til faktisk å vere involvert i å spele forsvar. I det tilfellet, vil det truleg vere føremålstenleg at ein til dømes spelar tre mot tre i ein del av treninga. Tilpassing av reglar, som til dømes ekstra poeng for ulike handlingar, er eit anna tiltak ein kan gjere for å settje ekstra fokus på ein del av spelet. Det er viktig å understreke at sjølv om vi framhevar spel, og trening som er så nære spelet som mogleg, så treng vi framleis masse repetisjonar for å øve på det vi har som fokus. Samstundes må desse repetisjonane vere representative for det vi ønskjer å bli flinke til. Difor er det sentralt at vi ikkje berre tenkjer på spel som ein ting (til dømes seks mot seks, og vanlege reglar), men også på korleis vi skal spele.

Tips! 💡 Bruk tid som mål når du skal planlegge øvingar og spel! Ved å bruke tid, vil det vere enklare å strukturere treninga på ein god måte. Ei anna vanleg form, er til dømes nytte eit mål om eit gitt antal repetisjonar før ein går vidare. Ulempa med det, er at det er vanskeleg å berekne kor lang tid det vil ta. Ein kombinasjon kan vere smart; utøvarane får ti minutt til å klare eit gitt mål, og dersom dei klarar det før tida, så kan ein anten gje dei eit nytt mål, eller bevege seg vidare til neste del av økta. Slik sikrar vi at alltid har nok tid til det viktigaste i økta, som i dei aller fleste tilfelle vil vere spel i ein eller anna form!

Tre gode spørsmål til trenaren 🙋‍♀️

Korleis få med det vi har trent på i spel?

  • Har du tenkt over korleis du kan bruke spel for å framheve det du har som fokus på i økta? Det kan til dømes vere å nytte ulike reglar, introdusere situasjonar, eller spele med ulike storleikar på baner og lag.

Kva spørsmål stiller vi for å auke sjansen til læring?

  • Velg deg nokre spørsmål som du tenkjer er viktige å stille til utøvarane i løpet av økta, og som heng saman med fokus/nøklar. Dette er rett og slett for å gje deg som trenar ein guide til kva du ønskjer å i hovudsak kommunisere i løpet av økta!

Kva er gode feil?

  • Feil er ein viktig del av læring for både utøvarar og trenarar, og er noko som vil skje ofte i løpet av ei økt. Det vi kan gjere som trenarar, er å guide utøvarane i retning av “gode feil”, i forhold til det fokuset og dei nøklane vi har vald for økta. Dersom vi til dømes trenar på å angripe djupt i bana, vil det vere ein god feil å angripe høgt men ut bak baklinja, kontra lågt inn i blokkarar eller nett. På same måte ser vi på legging, der det vil vere ein god feil å bomme for høgt og for langt inn, enn for lågt og utanfor antenna. 

No har du fått eit døme på korleis ein kan planlegge og reflektere rundt økter i volleyball og sandvolleyball!

💡 Sjekk ut dette webinaret om planlegging av trening frå Gold Medal Squared:

Designing Good Practice Plans For Your Volleyball Team – GMS Live

Her finn du øktplanleggaren vår, både som tom mal, og med forklaring og døme:

Øktplanlegger mal

Øktplanlegger med døme og forklaring

Om du vel å nytte denne planleggaren eller ikkje, så håpar vi at du uansett kan nytte noko av tankegangen. Lukke til! 🏐

Share on print
Skriv ut artikkelen