Trenar
På denne sida vil du finne informasjon og tips som kan hjelpe deg på vegen mot å bli ein betre trenar. Vi ønskjer at du både skal kunne finne kunnskap, og bli inspirert. Her har vi samla dei delane vi tenkjer er mest sentrale for deg i rolla som trenar.
Det er krevjande å vere trenar for ein volleyball eller ein sandvolleyball. Difor er vi ikkje volleyball- eller sandvolleyballtrenarar. Vi er trenarar for born, unge og vaksne som tilfeldigvis driv med dei idrettane vi er glade i. Dette er eit viktig utgangspunkt for korleis du ser på rolla di som trenar, uavhengig av kva nivå og ambisjonar utøvarane måtte ha. Moglegheitene til å ha innverknad på dei menneska du jobbar med er store, både i positiv og negativ forstand.
Det viktigaste målet for trenaren, er at utøvarane skal få kjenne på glede og meistring ved å drive med idrettane våre, både i trening og i konkurranse. Vi ønskjer med andre ord å fremje aktivitet som ivaretek begge desse momenta, glede og meistring, på ein så god måte som råd. Det vil vere ulike måtar dette kan gjerast på. Samstundes veit vi gjennom vitskap mykje om korleis ferdigheiter overfører på meir eller mindre effektiv måte frå ein samanheng til ein anna. Dersom tek omsyn til denne kunnskapen i måten vi trenar på, vil vi kunne auke sjansen for meistring. Og dersom vi kan skape glede innanfor denne ramma, så vil vi vere på god veg mot det viktigaste målet for ein trenar. “Korleis skape best mogleg læring” er difor eit av fleire tema vi har vald for deg som er trenar.
“Korleis planlegge treninga” er neste tema. Her vil du finne tankar om god planlegging av ei trening, forslag til ein øktplanleggar som kan nyttast, og dømer på korleis planlegging kan gjerast på ulike nivå.
“Korleis kommunisere som trenar” inneheld mellom anna tips om korleis du kan gje feedback, lage gode øvingsbilete, eller kva vi bør legge vekt på i måten vi kommuniserer på med utøvarane. Vi ønskjer å bidra til å skape utøvarar som i liten grad er avhengige av oss som trenarar, noko som fungerer som eit utgangspunkt for dette temaet.
“Korleis skape eit godt treningsmiljø” handlar om kva grep vi kan gjere for å skape eit trygt miljø, der utøvarane har det kjekt, jobbar for kvarandre, og tør å utfordre seg sjølv. Dersom vi implementerer nokre av desse grepa i vår kvardag, trur vi at risikoen minskar for å bli den siste trenaren til eit born, ein ungdom eller ein vaksen.
“Korleis trene fysisk for volleyball eller sandvolleyball” inneheld konkrete program og råd for utøvarar på ulike nivå, både i forhold til oppvarming før trening, prestasjonsfremjande fysisk trening utanfor bana, og restitusjon.
“Inspirasjonsbanken” er neste post. Her vil du finne videoar av øvingar og spel, linkar til video og artiklar om relevant forsking, aktuelle podkastar for deg som trenar, ressurssider, og boktips med meir. Med andre ord, så vil du finne alt mogleg vi tenkjer kan vere til hjelp og inspirasjon, og moglegheiter for å dykke vidare inn i ulike tema.
“Trenarutdanning” vil innehalde relevant informasjon for deg som er i trenarløypa til Norges Volleyballforbund (NVBF). Denne er delt inn i følgjande kategoriar:
Trenar 1 (inkludert Minitrenaren)
Trenar 2
Trenar 3