Rekruttering av nye spelarar

Ingen medlemmar – ingen klubb! Ein volleyballklubb er ein foranderleg størrelse, og det vil alltid vere ein naturleg flyt inn og ut av klubben. Nokon gongar går det den rette vegen og vi blir fleire medlemmar, men dessverre går det også den motsette vegen. Det store spørsmålet er korleis vi, eller om vi kan, styre utviklinga, altså sikre oss at vi har en ”sunn” klubb, med eit stabilt eller stigande medlemstal.

Vi skal naturlegvis gjere alt det vi kan for å halde på dei medlemmane vi har no, men det er ganske sannsynleg at vi også må bruke energi på å finne nye medlemmar.

Nye medlemmar = ny energi!

Når vi skal ut og rekruttere nye spelarar, skal vi som klubb naturlegvis sjå litt på kva slags klubb vi er og om vi vil meir av det same, eller om vi vil prøve nye vegar. Er vi ein mosjonsklubb med utelukkande seniorspelarar, er vi en klubb utelukkande med ungdom, osv. Uansett kva det er ein ”styrer” etter, gir nye medlemmar ofte litt meir arbeid, men heldigvis også ny energi! Erfaringa viser at klubbar ofte opplever at får ein noko nytt, f.eks. oppretta eit bestevolleylag, er det også sjanse for ei rekke positive bieffektar. Eldre som ikkje lenger er på arbeidsmarknaden, har ofte meir tid til f.eks. å gå inn i styrearbeid, stå i bod på det neste ungdomsstemnet, osv. Omvendt kan eit nytt barnelag gje energi i form av foreldre som blir trenarar, m.m. Nye spelarar uansett alder og evner er ”ringer i vatnet”, nye mogelegheiter for f.eks. sponsorar, trenarar, styrearbeid – så kom i gang!

Skulesamarbeid

Skulane er ein viktig samarbeidspartnar når vi snakkar om rekruttering av spelarar. Det kan vere mange ulike måtar å samarbeide med skulane på. Å bidra til å arrangere ei skuleturnering er flott reklame for mini- og teenvolley. Her har vi fleire døme på at det er kome mange nye spelarar til klubbane rundt omkring i landet.
Vi ønsker at minivolleyball etterkvart skal bli ein naturleg integrert del av kroppsøvingsfaget i skulen. Det er likevel også viktig å vise elevane at minivolleyball faktisk er noko ein kan gå på i fritida. Derfor er det en riktig god ide for klubben å tilby eit lite minivolleyballkurs på den lokale skulen. Dersom dere har mulighet til å tilby gymlæreren litt hjelp med å arrangere ein minivolleyballturnering, er det ei flott anledning til å kunne vise fram klubben. På den måten kan de både sørge for at det er kvalitet i minivolleyundervisninga som skjer og at elevane får eit “ansikt” på klubben. Ha ein foldar med der elevane blir opplyst om sporten, klubben, treningstider, trenarar m.m.

Å vere synleg

På verdsplan er volleyball ein svært populær sport, faktisk ein av dei største idrettane i verda. I Norge er volleyball ikke fullt så populært, og det er sjeldan tv-dekning av vår sport. Derfor ligg det eit godt stykke arbeid i å gjere volleyball meir synleg.
Klubben sitt ansikt utad vil ofte vere klubben si heimeside eller ei Facebook-gruppe. Derfor er det viktig at desse er oppdatert når det gjelder kontaktinfo m.m.
Ein annan måte å gjere seg synleg på, kan vere å lage fine klubb-T-skjorter. Det er ein smart måte å fortelje til omverda at det finst ein volleyballklubb her på plassen.

Familiar med barn

Dei vaksne som har små eller mellomstore barn, kan vere ganske vanskelege å aktivisere. Familielag, altså lag der vaksne og barn trener saman, kan vere ein ide. Dette har ein hatt suksess med i flere andre idrettsgreiner. 

I Søgne IL har dei eit eiga treningsparti som heiter BOFF. Det står for Barn Og Foreldre Felles. Da er barnevakt ingen hindring – alle kan bli med! 

Internt i klubben

Alle i klubben kan bidra med stort og smått i forhold til innsatsen med å få fleire spelarar til klubben. Det kan setjast ned små ad.hoc-grupper, ein kan gjere ein innsats på dei enkelte laga og kvar enkelt spelar kan også vere med på å gjere ein forskjell.