Personleg kontakt er god kontakt. Med dei mange elektroniske måtar å kontakte kvarandre på, er vi i stor grad gått over til å kommunisere med mail, sms og informasjon hentast på heimesider. Det betyr i praksis at hele prosessen – frå eit nytt medlem kontaktar klubben til han/ho står i hallen – går føre seg utan direkte kontakt med vedkomande. Dette kan jo vere ei ok løysing, men det kan også oppstå problem. Dersom ikkje trenaren har lest meldingar eller ikkje er informert av andre grunner, kan det bli eit irritasjonsmoment at det plutseleg står ein ny spelar der.
Ein måte å ønskje nye spelarar velkomne på, er å ha ein ambassadør/faddar som spesielt skal ta seg av og inkludere nye. I volleyball er ofte oppvarming to og to vanleg. Fadderen skal då vere medspelar og samtalepartnar. Dette kan vare eit par treningar inntil ting går av seg sjølv.
Det er altså lettare å innfri forventningane til nye spelarar gjennom personleg kontakt både i informasjonsfasen og på dei første treningane.