For klubben: Lag ei weekend-samling for klubben sine spelarar. På samlinga skal det spelast/trenast mykje volleyball i tillegg til andre oppgåver som å lage mat (kokkekamp er gøy!), underhaldning og små konkurransar (eks. Mesternes mester).
- La trenarane finne eit tidspunkt der alle kan vere med. Det kan vere med eller utan overnatting.
- Ein innbyr alle spelarane i klubben
- Foreldre kan hjelpe til med kakebaking, matlaging m.m
- Lag treningsplan for samlinga
For alle: La samlinga vere open for alle. Eventuelt kan ein samarbeide med trenarar/leiarar for andre klubbar. Felles planlegging er fint.
- Lag innbyding og spør gjerne NVBF om dei vil legge den inn i sin kalender og hjelpe dykk med å spre invitasjonen til fleire.