Korleis skape eit godt treningsmiljø?

Korleis skape eit godt treningsmiljø?

Eit godt treningsmiljø, der utøvarar og trenarar kjenner seg trygge og har det kjekt, er noko mange vil vere einige i at vi bør ha som mål. Dette er avhengig av mange faktorar, og vi trur at dersom ein lagar nokre felles køyrereglar, og kan knyte dei opp mot nokre verdiar ein saman er einige om at er viktige, så kan vi auke sjansen for å få til eit slikt miljø. Her vil du finne våre tankar om kva vi kan legge vekt på for å skape eit godt treningsmiljø, og forslag til ei ramme for korleis du kan lage køyrereglar saman med ditt lag.

 

Det handlar om å gjere dei rundt deg gode ✅

I eit lagspel, som volleyball og sandvolleyball, er denne verdien alt. Det er ein verdi som bør gjennomsyre vala vi tek på trening, både som trenarar og utøvarar. Dersom vi klarar å skape eit miljø der utøvarar og trenarar har som mål å gjere dei rundt seg gode, og handlar ut frå det målet, så vil ein oppnå mykje av det ein truleg ønskjer. Auka prestasjon og betre samhandling på bana er moment mange vil peike på som viktige mål. Ein vil samstundes kunne skape haldningar som ikkje berre er med på å gjere oss betre saman på bana, men også utanfor. Korleis kan vi, i rolla som trenarar, framheve ein slik verdi? Ein måte, kan vere å legge vekt på det i måten vi kommuniserer til utøvarane:

  • “No er du flink til å gjere angriparane dine gode, Anna!”
    • Vi kan sjølvsagt gje Anna direkte tilbakemeldingar som kun gjeld ho, men vi vel å inkludere denne verdien med jamne mellomrom.

Vi kan velge å trekke fram handlingar, små eller store, som framhevar denne verdien. Innsats og kommunikasjon er gode dømer, og er samstundes noko som utøvarane sjølve har kontroll over.  

Felles køyrereglar 👮‍♂️

Lag nokre felles reglar for korleis vi ønskjer å ha det på trening! Det kan vere praktiske ting, som til dømes:

  • Alle er ferdig skifta og klare til trening 5 minutt før start, og drikkeflaska er full
  • Vi startar og avsluttar treninga felles
  • Alle samlar ballar
  • Vi ryddar opp etter oss sjølve, og dersom vi ser at nokon har gløymt å rydde, så tek vi ansvar sjølv om det ikkje var vi som gløymde det

Andre køyrereglar, kan handle om verdiar:

  • Vi gjer kvarandre gode
  • Vi leitar etter moglegheiter til å rose lagkameratane våre
  • Når trenaren snakkar, så er vi flinke til å lytte
  • Vi har lov til å gjere feil på trening, og vi tør å gjere feil på trening

Uansett kva alder og gruppe du er trenar for, så vil det vere ein fordel om ein har få, men konkrete reglar, som vi har moglegheit til å kunne følge opp på ein god måte. Dersom køyrereglane er synlege, og jamnleg blir brukt som referanse, ikkje minst når utøvarane følgjer dei på ein god måte, så vil dei kunne ha god effekt. Dersom dei kun blir nevnt på eit møte i starten av ein sesong, så vil truleg effekten vere avgrensa. For dei eldre utøvarane, er det lurt at dei er sterkt involvert i utforminga av slike reglar, og samstundes korleis dei bør følgast opp.

Sjekk ut www.trener.nif.no, og ta trenerattesten! Her vil du finne mange gode forslag til ulike køyrereglar og andre tips for å auke sjansen til å skape eit godt treningsmiljø både for born, ungdom og vaksne. Og, du vil samstundes finne flotte ressurssider for dei ulike kategoriane!

 

Tips! 💡 Her er eit døme på køyrereglane til det verdskjente rugbylandslaget til New Zealand, “All Blacks”. Kva er viktige verdiar for det mest suksessfulle laget gjennom tidene, i ein av verdas “tøffaste” idrettar?

 

Du er ein rollemodell 🎯

Hugs at du som trenar er den fremste representanten for dei verdiane du framhevar! Dersom vi ønskjer å skape tillit til at det er greit å gjere feil for utøvarane, medan du som trenar aldri innrømmer når ein kunne gjort noko annleis, så representerer du ikkje den verdien på ein truverdig måte. Dersom ein ønskjer at utøvarane er førebudde til trening, så vil det vere enklare å framheve dersom du som trenar er førebudd. Og dersom vi ønskjer at utøvarane skal lytte når vi som trenarar pratar, som vi hadde som eit døme i køyrereglane våre, så er det ein fordel om vi er flinke til å lytte til utøvarane.

 

Fokus på prosess og meistring = resultat og prestasjon 📈

Kva er det vi sjølve kan kontrollere, både som gruppe og individuelt? Det ønskjer vi å rette fokuset mot. I eit meistringsorientert miljø, vil vi få utøvarar og lag som legg vekt på innsats, og som samanliknar seg med seg sjølv, framfor å måle seg opp mot andre. Vi vil auke sjansen for at utøvarar tør å utfordre seg sjølv, og at ein tør å feile på vegen mot utvikling, noko vi veit er heilt sentrale element for å skape gode prestasjonar. Mange av dei momenta vi nemner på denne ressurssida, handlar om tips og tiltak som i praksis vil kunne vere med på å skape eit miljø som har fokus på meistring. Dette står ikkje i motsetnad til å kunne handtere konkurranse, eller å vinne kampar på det høgste nivået, dersom det er målet. For eit individ, eller ei gruppe, handlar det om å legge til rette for ei innstilling og eit tankesett som kan møte utfordringar med trua på at ein kan lukkast dersom ein gir alt ein har. Kva innstilling, eller attitude, ønskjer du framheve ovanfor utøvarane?

Her er to moglege variantar av attitude eller mindset som utøvarar potensielt kan tileigne seg i eit resultatorientert miljø (fixed mindset) og i eit meistringsorientert miljø (growth mindset):

Growth Mindset Introduction: What it is, How it Works, and Why it Matters

 

Unngå å vere ein unge sin siste trenar ⭐️

Er det alltid mogleg? Nei. Samstundes, dersom ein har dette som mål, så trur vi at sjansen aukar for at ein legg vekt på det å skape eit godt og trygt miljø på trening og konkurranse. Sjølv om målet måtte vere resultat på det aller høgste nivået, så er ein ting sikkert – det målet vil ein ikkje nå i ein lagidrett utan mange utøvarar. Difor vil vi oppmode til ikkje å telje vinn eller tap, som mål på suksess. Tel heller kor mange som vel å fortsette med idretten!

Tips! 💡 Her er nokre råd som kan auke sjansen for å ikkje bli ein unge sin siste trenar, henta frå trenarattesten:

  • Gi alle likeverdig anerkjennelse og oppmerksomhet for fremgang og innsats.
  • Skap en kultur der utøverne måler seg mot seg selv, ikke andre.
  • Gi utøverne muligheten til å velge og ha innflytelse over graden av utfordringer på trening og i konkurranser.
  • Varier gruppeinndelinger – også på tvers av ferdighetsnivå.
  • Legg til rette for samarbeid mellom utøverne, slik at de kan lære av hverandre.

 

10 råd for deg som trenar born 🔑

iCoachKids har laga 10 gylne reglar for å skape positive idrettsopplevingar for born. Kanskje desse kan bidra til å skape eit godt treningsmiljø?

Som barnetrener vil jeg:

  1. Vær utøversentrert: alltid ha fokus på barnas beste og lytt til dem. Det handler om hva barn vil ha og hva de trenger, ikke om de voksne!
  2. Vær HOLISTISK: utvikle barna som mennesker først og fremst, ikke bare som idrettsutøvere. Mål om også å utvikle barnas psykososiale ferdigheter og evner, ikke bare deres fysiske.
  3. Vær inkluderende: imøtekomme alle nivåer av evner og motivasjoner. Coaching er langt fra en one-size-fits-all. Bli kjent med barna du trener og tør å trene dem ulikt.
  4. Gjør det morsomt og trygt: barn ønsker å ha det gøy og å føle seg trygge. Bygg positive relasjoner og et godt og omsorgsfullt klima som tillater dem å trives, og som gjør at de kommer tilbake.
  5. Prioriter LOVE for Sport over LEARNING Sport: En svært liten andel av barna vil bli toppidrettsutøvere, men alle har potensial til å bli friske aktive voksne. Å skape den fantastiske arven er en del av jobben din.
  6. Fokuser på grunnleggende ferdigheter: ikke bli for opptatt med de spesifikke ferdighetene i sporten din. I yngre alder må barna få viktige motoriske ferdigheter og lære det grunnleggende om hvordan man spiller spill ved hjelp av generiske taktiske prinsipper for å gi deg selv den beste sjansen for suksess.
  7. Engasjere foreldre positivt: foreldre er ikke fienden, men den største ressursen til din disposisjon. De vil det beste for barna sine, og det gjør du også. Partnerskap er nøkkelordet. Du vil aldri vite hva foreldre kan tilby hvis du ikke snakker med dem.
  8. Planlegg PROGRESSIVE programmer: vi tar barna med på en læringsreise. Vi må ha en god idé om destinasjonspunktet og utvikle kortsiktige, midt- og langsiktige mål og planer som vil hjelpe barna med å komme dit. Det er ikke topp-for-lørdag eller improvisere en økt. Unnlatelse av å planlegge er å planlegge for å mislykkes!
  9. Bruk forskjellige metoder for å forbedre LÆRING: læring er en kompleks prosess, og det skjer ikke over natten. Ulike coaching- og undervisningsstrategier kan tjene ulike formål på ulike stadier av læring og utvikling, og kan utfylle hverandre og hjelpe oss med å oppnå de ønskede resultatene.
  10. Bruk KONKURRANSE på en utviklingsmessig måte: det er ingenting galt med å konkurrere. Når formatet og atmosfæren rundt konkurransen er bygget rundt barnas behov og utvikling, kan konkurransen være en fantastisk motivator og mye moro. En vinn-for-enhver-pris mentalitet kan virkelig ødelegge festen.

Desse er henta frå ressurssidene til trenarattesten for born. Sjekk ut www.trener.nif.no for fleire gode ressursar!

Lukke til! 🏐

Share on print
Skriv ut artikkelen