Ein vil, i mange samanhengar, høyre og lese mykje om kor viktig det er å skape gode læringsmiljø for oss som trenarar. I den samanhengen, vil gjerne aktivitet som er relatert til idretten bli framheva, dersom vi tek utgangspunkt i at målet er å skape læring relatert til volleyball og sandvolleyball. For å forstå kva vi kan gjere for å auke sjansen for å skape læring på best mogleg måte, må vi ha eit forhold til korleis ferdigheiter overfører frå ein samanheng til ein anna i samband med trening, og samstundes ei felles forståing av kva som er “volleyballrelatert”, då det siste blir peika på som eit viktig prinsipp. Dette handlar ikkje om at noko er definitivt rett, og noko definitivt feil. Vi håpar at det som kjem vidare kan gje deg eit grunnlag for å vurdere kva som er god læring med tanke på å meistre det å spele volleyball og sandvolleyball, og vidare reflektere rundt dei vala du tek i dag!
NB! Hugs at dette er prinsipp om korleis vi kan skape effektiv læring. Det er ikkje det samme som trenarstil, som til dømes preferansar om korleis eit finger- eller baggerslag kan sjå ut, eller korleis eit lag kan organiserast. Vi kan alle ha ulike tankar om korleis ferdigheiter kan utførast, og kva vi skal legge vekt på for å hjelpe utøvarane til å lukkast. Uavhengig av dette, er det sentralt å forstå korleis vi kan trene for å dette til å fungere i den samanhengen vi ønskjer seinare.
Kva er målet med trening? 🏁
Dette spørsmålet kan sjølvsagt besvarast på mange ulike måtar, og på denne ressurssida kjem vi innom mange aspekt som er ein del av det å lage gode treningar. I samband med læring, vil det truleg vere semje om at målet med å arrangere treningar i volleyball og sandvolleyball er at vi ønskjer at utøvarane på mest mogleg effektiv måte skal lære å spele volleyball og sandvolleyball. “Det er jo sjølvsagt”, vil truleg mange tenke. Målet med trening, sagt på ein anna måte, er dermed at det vi trenar på skal overføre til den samanhengen vi ønskjer, altså å spele volleyball eller sandvolleyball. Korleis kan vi auke sjansen for at det faktisk skjer?
Ferdigheiter er spesifikke til måten dei blir trent på, og samanhengen dei blir trent i! 🎯
Spesifisitet er eit noko tørt ord, men samstundes eit av dei viktigaste prinsippa når det gjeld trening i alle samanhengar som treff våre idrettar. Du hugsar kanskje den gamle reklamen for knekkebrød som sa at “du blir hva du spiser”, eit uttrykk som definitivt er meir nyansert når det gjeld ernæring. I samband med trening, er det likevel treffande. Du blir god til det du trenar på. For at ferdigheiter skal overføre så effektiv som råd, frå ein samanheng til ein anna (trening → kamp), så må vi trene med høg grad av spesifisitet. Det må altså vere stor grad av likskap mellom det vi gjer på trening, og det som er krava til utøvarane i konkurranse.
Noko forenkla, så må to ting vere på plass for å få til dette når det gjeld volleyball og sandvolleyball:
- Miljøet vi trenar i
- Bane, nett, ballar, ballar som går over nettet, konkurranse, reglar. Trenar vi i det miljøet vi ønskjer at utøvarane skal bli flinke i?
Vi ønskjer at miljøet vi trenar i størst mogleg grad skal vere likt det miljøet vi skal konkurrere i. Når ein særs sentral del av miljøet i volleyball og sandvolleyball er at ballen etter maksimalt tre slag blir spelt over nettet, så er det eit paradoks dersom vi trenar mykje i eit miljø som gjer at nettet ikkje er involvert. Formatet vi trenar i, kan sjølvsagt variere. Vi kan lage mindre baner, vi kan nytte ulike typar ballar, og vi kan lage ulike reglar og formar for konkurranse. Uavhengig av kva format vi vel, så bør det vere ein variant av det miljøet vi ønskjer at utøvarane skal bli flinke i til sjuande og sist.
Gjer du mykje på trening der ballen blir spelt fram og tilbake på eiga side av nettet? Kan du snu dette til å skje over nettet istadenfor?
Trenarar som servar eller angriper frå ei kasse, eller som slår inn ballar frå eiga side eller utsida av nettstolpane, er andre dømer på noko utøvarane truleg ikkje vil møte når dei skal spele, og som difor ikkje representerer det miljøet på ein god måte. Dersom vi vel slike løysingar, så bør det vere i mangel på andre alternativ. Kan du velge andre løysingar?
- Måten vi trenar på
- Kva moment er involvert kvar gang vi skal utføre ei handling i volleyball eller sandvolleyball? Trenar vi på ein måte som reflekterar dei prosessane utøvarane må gjennom når dei skal spele?
Når vi spelar volleyball eller sandvolleyball, og skal utføre ei handling, er følgjande prosess alltid i spel:
Utøvaren oppfattar ein situasjon → utøvaren vurderer situasjonen → utøvaren bestemmer seg for ei løysing → utøvaren utfører løysinga
For eit mottak, vil dette kunne sjå slik ut:
- Utøvaren oppfattar at ballen blir serva mot seg
- Utøvaren vurderer kva type ball som er på veg (kort, lang, hard, høgre, venstre, spinn, flakk etc)
- Utøvaren bestemmer seg for korleis situasjonen kan løysast (som til dømes å flytte beina kjapt bakover for å kunne spele ballen med fingerslag)
- Utøvaren utfører løysinga, ved å flytte beina kjapt bakover for å spele mottaket med eit fingerslag.
Oppfatte → Vurdere → Bestemme seg for ei løysing → Utføre løysinga
Med andre ord; kvar gong ein utøvar utfører ei handling, som til dømes eit mottak, så må utøvaren ta val basert på situasjonen som har oppstått. I øvingane du nyttar, må utøvarane ta val? Eller veit mottakaren at ballen blir serva til eit visst punkt kvar gong?
Når vi spelar volleyball eller sandvolleyball, uavhengig av om det er til dømes 1 mot 1, 2 mot 2 eller 6 mot 6, så blir desse to punkta tatt omsyn til på ein god måte. Utøvarane får vere i det miljøet vi ønskjer at dei skal meistre å vere i, og dei må kontinuerleg ta val og utføre handlingar basert på situasjonane dei møter. Utfordringa, og paradokset, oppstår når vi ikkje spelar, men nyttar øvingar og “drillar”. Sjølv om alle trenarar har gode intensjonar med tanke på læring med øvingane og “drillane” ein nyttar, så blir dei i mange tilfelle utført i eit anna miljø (til dømes på eiga side av nettet, eller mot ein vegg), eller utan dei prosessane utøvarane møter når dei skal spele (til dømes i eit fast mønster, der utøvarane veit nøyaktig kva som skal skje). Ein trenar då med låg grad av spesifisitet, noko som ikkje vil overføre effektivt til det vi seinare ønskjer at utøvarane skal meistre.
Tips! 💡 Dersom du har lyst til å lese meir om spesifisitet og andre prinsipp rundt læring i volleyball, og kvifor dette er viktig, så kan du sjekke ut denne artikkelen av Steven Bain og Carl McGown:
https://garyhorvath.com/wp-content/uploads/2016/11/Superiority-of-Whole-vs.-Part-Carl-McGown.pdf
Eventuelt så kan du sjå denne videoen, der Trevor Ragan og John Kessel snakkar om dei grunnleggande prinsippa rundt motorisk læring:
John Kessel x Trevor Ragan: Motor Learning
Korleis lage gode øvingar?
Må vi “berre” spele då? Nei. Sjølv om spel i ein eller anna form bør vere fundamentet i dei aller fleste økter, så er det framleis ein plass for øvingar eller “drillar”. Med tanke på korleis dei kan overføre på ein god måte til det å faktisk spele volleyball og sandvolleyball, så kjem her nokre punkt du kan tenkje over:
- Liknar dette på volleyball eller sandvolleyball?
- Kva kan eg gjere for å få denne øvinga til å likne meir på volleyball eller sandvolleyball?
- Er til dømes nettet involvert? Dersom ikkje, er det noko eg kan gjere for å involvere nettet i denne øvinga?
- Skjer dette i spelet?
- Må utøvarane ta val, eller trenar vi i eit fast mønster der utøvarane veit kva som skal skje? Dersom ikkje, korleis kan eg introdusere val til utøvarane?
- Dersom vi blir best i verda på denne “drillen”, vil det hjelpe oss med å prestere i spel?
- Kor mykje tid skal du investere i ei øving?
- Kvifor er denne øvinga betre enn å til dømes spele tre mot tre?
- Har øvinga eit mål, blir den “scora”, eller har den ein vinnar/ein konsekvens?
- Jobbar utøvarane mot eit mål, anten saman eller individuelt?
Begynn med dei øvingane du allereie nyttar i dag. Kan du gjere nokre små endringar eller justeringar basert på spørsmåla over?
Lat oss då eit døme med ei øving som mange brukar tid på og vil kjenne til, nemleg “pepper”:
- Liknar “pepper” på volleyball eller sandvolleyball, og skjer dette i spelet?
- Det openberre som ikkje liknar, er at ballen blir spelt fram og tilbake på eiga side av nettet.
- Det andre som ikkje liknar, i forhold til kva ein vanlegvis ønskjer som resultat, er at ein i denne forma av “pepper” trenar på å spele forsvarsballen tilbake til angriparen. Vanlegvis ønskjer vi å spele forsvarsballen opp på eigen banehalvdel, der utøvarane må berekne korleis det skal gjerast i forhold til eit nett.
- Sjølv om det er eit fast mønster, der utøvarane i utgangspunktet veit kva som skal skje heile vegen, så er det variasjon i kva handlingar ein utfører (forsvar, legg og angrep), noko som liknar på idrettane våre.
- Dersom vi blir best i verda i “pepper”, vil det hjelpe oss med å prestere i spel? Har øvinga eit mål, eller blir den “scora”?
- Dersom “pepper” blir gjort på ein måte som liknar meir på idrettane våre (høgare grad av spesifisitet), så kan det vere ei særs nyttig øving som kan hjelpe oss til å prestere i spel. Tradisjonell “pepper”, der to og to spelar ballen fram og tilbake på eiga side av nettet, vil truleg ha avgrensa verdi med tanke på å prestere i spel.
- Vi kan gje “pepper” eit mål, eller ein “score”, ved å til dømes samarbeide om kor mange gonger ein klarar å angripe ballen utan at den går i bakken. Her kan vi også lage konkurransar på tvers av grupper.
→ Forslag til moglege tiltak vi kan gjere:
- Vi kan legge til rette for at “pepper” skjer over nettet. Det kan vi gjere i grupper på tre eller fleire utøvarar, med ståande angrep eller angrep med hopp. Vi kan også gjere det med kun to utøvarar, til dømes ved at kvar utøvar brukar to eller tre slag, der ein legg ballen til seg sjølv anten direkte frå eit forsvar eller etter eit forsvar, for så å slå ballen over nettet til partner. Sjekk ut nokre forslag frå 1:35 i den linken her:
Pepper Drills – Terry Liskevych – Oregon State University
Ei anna løysing med to utøvarar, særleg for dei yngste, kan vere den her:
https://usavolleyball.org/video/usav-drill-video-2-vs-0/
Dersom vi ikkje involverar nettet i “pepper”, så vil vi anbefale å bruke variantar med tre utøvarar, der ein til dømes kan ha ein oppleggar i midten som byttar plass med utøvaren som får legget (oppleggaren kan velge kven ein ønskjer å legge ballen til).
- Variantar av “pepper” der ballen ikkje går over nettet, brukar vi maksimalt som ei kort oppvarming. Vi gjev utøvarane eit mål, om til dømes å halde ballen i gang x-antal gonger. Særleg for dei som er mindre erfarne, kan eit slikt mål vere meir enn nok. Dei meir erfarne kan også ha slike mål. For dei meir erfarne, kan det samstundes vere lurt å gje dei moglegheita til å “pepre” friare. Dersom dei utelukkande “berre” held ballen i gang, så vil ein truleg velge løysingar i angrep der ein ikkje “tør” å utfordre dei som skal spele forsvar. Både i volleyball og sandvolleyball kan vi lage variantar over nettet der to eller fleire personar må spele forsvar, og eventuelt skifte plass med ein oppleggar når ballen blir spelt over nettet. I ein slik variant sikrar vi at spelarane i forsvar må ta val om til dømes kven som skal ta ballen eller ikkje. Dersom vi gjev angriparen moglegheita til å variere løysingar (til dømes mellom å dippe eller angripe hardare), vil det legge til rette for at dei som spelar forsvar må vere førebudd på ulike alternativ (slik vi truleg ønskjer at dei skal vere når vi spelar).
Dette er eit døme på korleis ein kan reflektere rundt ei øving. Ein vil kunne finne, eller finne på, mange ulike løysingar for ei øving som “pepper” eller andre øvingar og spel. Dersom vi kan gjere endringar, anten ved at ei øving går frå å skje på eiga side av nettet til over nettet, eller ved at utøvarane går frå å ikkje måtte ta val til å måtte gjere det, så er vi mykje nærare det som vi ønskjer at dei skal meistre til slutt!
Tips! 💡 Legg til rette for at utøvarane må ta val i øvingane dine! Det treng ikkje alltid vere ALLE val som ein må ta når ein spelar. Lat oss seie at du har ei øving der to utøvarar er på bana, ballen blir alltid angripe diagonalt på ein av dei som må spele forsvar, og den andre utøvaren må legge på ballen som blir spelt opp i forsvar. Berre det å endre ei slik øving til at ballen kan bli angripe mot begge spelarar, gjer at dei prosessane vi ønskjer seinare plutseleg er i spel!
Kva bør vi tenke på når vi trenar ferdigheiter utanom spel?
Som nevnt over, så er ferdigheiter spesifikke til den samanhengen dei blir trent i, og måten dei blir trent på. Du har kanskje opplevd utøvarar som er for seint på plass i forsvar etter at dei har serva? Blokkarar som ikkje kjem seg raskt av nettet for å angripe etter dei har blokka, eller raskt tilbake på plass ved nettet dersom dei må blokke ein gong til? Eller utøvarar som gløymer å dekke under blokka? Veldig ofte vil dette henge saman med måten ein trenar desse ferdigheitene på, når dei blir isolert frå spel.
Her følgjer ein fin hugseregel når vi ønskjer å trene ein ferdigheit meir isolert, utanom spel:
- Vi ønskjer å knyte saman det som skjer rett før ferdigheiten vi vil trene, sjølve ferdigheiten, og det som skjer rett etter. Då treff vi best på det som er i midten, som vi faktisk ønskjer å bli flinke til!
Lat oss bruke serv som eit døme. For å treffe ferdigheiten vi ønskjer å trene på, koplar vi den saman med det som skjer rett før, og det som skjer rett etter. Vi ønskjer å sjå ferdigheiten serv som alle desse tre momenta saman!
Før serv = Førebuing. Utøvaren får tid til å gjere si eiga rutine, og rette fokuset mot kvar ein ønskjer å serve ballen.
Serv ballen!
Etter serv = Utøvaren kjem seg raskt inn på bana, gjerne til der han eller ho skal spele forsvar.
For born, så kan det vere noko så enkelt som å seie at no trenar vi “serv og sprint”, for at ein allereie tidleg kan venne seg til at det er ein del av det å serve i volleyball. For dei eldre, kan ein sjølvsagt legge til fleire element. Kanskje utøvarane må inn på bana for faktisk å spele ein ball i forsvar, eller legge på ein ball som nokon andre har spelt forsvar på?
Mottak kan vere eit anna døme:
Før mottak = Førebuing. Utøvaren observerar servaren. Kvar kjem serven frå, og kva type serv er det som kjem?
Ta mottaket!
Etter mottak = Dersom utøvaren skal angripe, kjem ein seg raskt på plass til der ein skal hente seg tilløp frå. Kvar det er, vil truleg variere ut frå kvaliteten på mottaket ein har spelt. For ein libero, som ikkje skal angripe, kan det vere å raskt vere klar til å dekke under blokka for angriparane på laget.
Kvifor skal vi bruke energi på å tenkje på det som skjer rett før og rett etter ferdigheiten vi ønskjer å trene på? Det handlar ikkje om at vi har mindre fokus på det å faktisk utføre ein serv eller eit mottak, og det vi tenkjer er viktig for utøvarane i dei elementa. Dette handlar om trene ferdigheiter på ein måte som reflekterar det resultatet vi ønskjer å sjå seinare. Når vi ikkje tenkjer på slike ting, så må vi ikkje bli overraska over til dømes servarar som kjem for seint på plass i forsvar, og dermed ikkje plukkar så mange ballar som vi hadde ønskja. Det er jo kanskje det dei har trent på!
Tips! 💡 Tren heile ferdigheiten du ønskjer at utøvarane skal meistre, istadenfor å dele den opp i delar! Vi har over peika på korleis ein kan sjå på ein ferdigheit (før/etter). Når vi ser på den faktiske utføringa av til dømes ein serv eller eit angrep, så kan det vere fristande for ein trenar å trene armsving, ballkontakt eller liknande i situasjonar der utøvaren ikkje faktisk servar eller angrip. Hugs at dei ulike delane av eit angrep (tilløp, armsving, sats) ikkje fungerer uavhengig av kvarandre. Tenk difor heller at vi kan gjere oppgåva enklare, utan å plukke den frå kvarandre.
Endå eit tips! 💡 Dra maksimal nytte av repetisjonane utøvarane får på trening, når du lagar øvingar eller trenar ferdigheiter meir isolert! Dersom vi til dømes skal trene på å serve, så er dei servane gull verdt for dei som ønskjer å bli betre i mottak. Istadenfor å la utøvarane serve på ei tom bane, noko dei truleg sjeldan vil gjere når vi spelar uansett, så lar vi alltid nokon få sjansen til å spele mottak på dei servane. Dersom vi skal trene på å angripe, la nokon få spele forsvar eller blokke (eller begge deler) mot angriparane. Serv og angrep står framleis i fokus for oss som trenarar, men vi “sløsar” ikkje vekk desse repetisjonane. Dette har fleire ulike fordelar:
- Det blir meir aktivitet og mindre kø
- Det blir meir læring
- Det er betre utnytting av den fysiske belastinga utøvarane blir utsett for
Bør vi trene randomisert eller blokkert, og korleis bør vi disponere tida vi har?
Randomisert og blokkert er to ulike former for struktur i ei trening. Dersom vi trenar randomisert, vil det seie at ein skiftar eller varierer mellom ferdigheiter, der rekkefølga er meir eller mindre tilfeldig. Ulike former for spel kan vere eit døme på trening som er randomisert, men også øvingar som legg til rette for stor grad av variasjon i kva som skjer kan seiast å vere innanfor same kategori. Å trene blokkert, vil seie å trene ferdigheiter kvar for seg. Desse to formene for trening er det gjort omfattande forsking på i mange idrettar, inkludert volleyball. Trening i meir randomiserte former blir framheva som det klart beste alternativet med tanke på å skape varig læring. Sett litt på spissen, kan dette illustrerast slik (døma er her frå basketball):
Blokkert trening, gjerne slik ein tradisjonelt har trent, er her illustrert som “How we coach”. Intensjonen bak ein slik tradisjonell måte å trene på har vore god. Ein har ønskja at utøvarane skal repetere dei enkelte ferdigheitene isolert, med ein tanke om at det vil overføre på ein effektiv og god måte til det å faktisk spele. I eit tradisjonell trening har gjerne store delar av treningane i volleyball og sandvolleyball vore gjennomført i eit blokkert format. Realiteten er likevel at desse ferdigheitene ikkje fungerer uavhengig av kvarandre når vi skal spele.
Vil det seie at ein ikkje kan trene i eit meir blokkert format? Nei. Det som ein likevel skal vere bevisst på, er i kva grad ein brukar tid på slike former for trening. Blokkert trening kan vere glimrande til å syne utøvarane eit konsept du ønskjer dei skal øve på, eller introdusere ein teknikk. Ein kan også gje utøvarane repetisjonar i dei ulike delane av spelet, særleg om ein tek omsyn til før-etter som vi tidlegare har nemnt. Men; sjølv om vi meistrar ein ferdigheit i eit blokkert format, så det viktig at vi ikkje forvekslar det med å meistre den same ferdigheiten i spel. Difor ønskjer vi å bruke blokkert trening til introduksjon av nye element, eller til å gje utøvarane repetisjonar der vi trenar heile ferdigheiten (til dømes mottak), men vi avgrensar bruken av tid på dette i ei trening. Dersom vi har blokk som fokus, vil eit typisk døme vere at utøvarane får kjenne på korleis dei kan vinkle armane når dei blokkar mot ein trenar som angrip frå ein boks. Vi kan bruke nokre minutt på å introdusere dette til utøvarane, der dei får testa kva steg ein kan nytte for å hoppe, og korleis armane må gå over nettet for å vinkle ballen ned på motstandaren sin banehalvdel. Etter nokre få repetisjonar, får utøvarane blokke mot “ekte” angriparar!
Kor mykje tid skal vi bruke på blokkert trening? For dei yngste, som til dømes trenar MiniVolleyball i økter på ein time, så ville vi kun nytta det i små drypp i løpet av økta. Lat oss seie at vi lar ungane teste til dømes eit baggerslag eller eit fingerslag, der dei får spele ballen til kvarandre i nokre minutt, før vi lagar ein aktivitet eller eit spel der ballen går over nettet på ein måte som gjer at ein får nytta det slaget ein har testa. Det å lage ulike stasjonar i starten av ei trening, som ei slags ferdigheitsløype, kan også vere eit godt innspel til aktivitet for dei yngste, der dei får testa dei ulike elementa i volleyball. Sjå på dette som “krydder” til hovuddelen av økta, som er at ungane får spele volleyball tilpassa sine nivå.
For eldre utøvarar er framleis spelnær aktivitet og spel hovuddelen av ei økt. Her kan vi samstundes nytte variantar av blokkert trening i noko større grad, særleg dersom vi til dømes må avgrense antal hopp. Vi brukar ikkje tid på aktivitet som er “heilt” blokkert (som til dømes å spele ein ball opp mot ein vegg), men legg heller til rette for ein grad av variasjon (til dømes ved at vi skiftar mellom ferdigheter, sjølv om mønsteret er fast). Eit døme på det siste kan sjåast her:
Advanced Volleyball Drills(Couple training 2p-B1-B2 (Complex I&II) Brazil National Team 2021
Det skal seiast at det ikkje er alle som har utstyr eller assistentar på lik linje med det brasilianske landslaget. Poenget er at slik trening, sjølv om den er blokkert (der utøvarane veit kva som skal skje), legg til rette for at ein varierar mellom ferdigheiter. Dersom ein kan lage slike “løyper”, der utøvarane roterar frå ein ferdigheit til neste, vil det, i tillegg til å vere nærare det som faktisk er volleyball eller sandvolleyball, truleg opplevast som kjekkare for utøvarane!
Tips! 💡 Dersom du ønskjer å ha heilt blokkert aktivitet i treninga, bruk det som oppvarming eller introduksjon i starten av ei økt! Og, pass på at aktiviteten liknar på volleyball eller sandvolleyball, der ein ikkje gløymer kva miljø vi ønskjer at utøvarane skal bli flinke i.
Hjelp utøvarane til å halde fokuset utanfor kroppen! 👀
Det er gjort mykje forsking på fokus i samband med utføring av ferdigheiter i mange idrettar. Med fokus, meinar vi kvar utøvarane rettar merksemda si når ein ferdigheit skal utførast. Grovt sett, så kan vi dele fokus i to retningar – internt eller eksternt. Eit internt fokus er retta mot noko som skjer inne i kroppen. Det kan til dømes vere posisjonen til eit ledd, der fokuset til utøvaren ligg på at ein må vri hendene eller krysse føtene på ein bestemt måte. Eit eksternt fokus er retta mot noko utanfor kroppen, altså målet med ei handling, til dømes på kvar ein ønskjer å serve ein serv, eller kvar ein ønskjer å skyte eit straffespark.
Sjølv om vi til tider vil påverke utøvarane til å ha eit internt fokus, anten vi meiner det eller ikkje, så ønskjer vi at hovuddelen av fokuset skal ligge på målet med handlinga. Utanfor kroppen kan vere nærare, som til dømes å få ballen til å spinne eller ikkje spinne, eller lengre vekk, som til dømes eit konkret plass ballen skal spelast til. Utøvarar, på alle nivå, vil til tider trenge innspel og guiding i forhold til korleis ei oppgåve kan løysast. Samstundes er det utruleg korleis utøvarar kan sjølvorganisere, dersom ein har klart føre seg kvar ballen skal spelast, og rettar fokuset dit!
Eit døme:
- Eg ønskjer at utøvarane skal bli flinkare til å angripe ballen høgt over nettet, og djupt i bana.
- Eg kunne forklart utøvarane at albogen må høgt opp, og at ein må fullføre slik eller slik med handleddet → fokuset ligg internt. Det eg vel å gjere, er å halde fokuset eksternt. Eg kan feste ein strikk mellom antennene som utøvarane skal angripe over, eller eg kan markere eit område i nærleiken av baklinja (eventuelt litt bak baklinja), som utøvarane kan sikte på. Då vil fokuset til utøvaren vere retta mot å angripe over strikken, og djupt i bana. Samstundes vil eg legge til rette for at det eg hadde tenkt til å forklare, mest truleg vil skje av seg sjølv!
Særleg for dei yngste utøvarane er det særs krevjande for ein trenar å forklare dei at beina må krysse slik eller at armane må gjere slik. Sjølv om intensjonen til trenaren er god, så skal det veldig lite til for at detaljnivået blir større enn det utøvarane klarar å prosessere. Difor kan det vere lurt å gje utøvarane eit tydelig mål utanfor kroppen og la dei få god tid til å utforske bevegelsane sjølv først, før vi eventuelt gir tips og råd til dei som har utfordringar!
Tips! 💡 Dersom du ønskjer å lære meir om effekten av merksemd og fokus, eller implisitt versus eksplisitt læring, sjekk ut desse videoane frå Sport Science Collective:
How Does Attention Affect Motor Skill Learning and Performance?
Implicit vs Explicit Learning of Motor Skills
Korleis bør eit godt læringsmiljø sjå ut i våre treningar? 🧐
- Nettet er involvert! Vi spelar variantar av volleyball og sandvolleyball, eller lagar øvingar, der ballar går over nettet.
- Utøvarane må ta val! Vi legg til for at utøvarane alltid må jobbe med heile eller delar av den prosessen dei vil møte i spel, ikkje berre på å utføre ein ferdigheit.
- Vi trenar så nære realiteten som vi klarar! Særleg når vi skal lage eller velge øvingar, er vi opptekne av å komme så nære korleis dette vil sjå ut i spel som mogleg.
- Ulike former for spel er fundamentet i våre treningar! Øvingar og drillar fungerar som “krydder”, der vi legg til rette for variasjon mellom ferdigheiter.
- Sidan vi veit at utøvarane må gjere feil for å utvikle seg, og kjem til å bli utfordra på dette når vi trenar realistisk, så er ikkje dette noko mål å unngå for oss som trenarar! Samstundes er vi dyktige på å lære vekk kva som er gode feil.
Hugs at grunnen til at vi tenkjer slik, er at vi ønskjer at det vi gjer på trening skal overføre best mogleg til det å faktisk utøve idrettane våre! Ting er likevel ikkje heilt svart-kvitt, og det er ikkje slik at du ligg anten heilt på den eine eller andre enden av til dømes desse punkta. Nokon vil ta meir eller mindre omsyn til desse punkta til sjuande og sist, noko ein sjølvsagt står fritt til å gjere. Men, dersom alle tenkjer gjennom desse momenta i litt større grad, og ballen til dømes flyg meir over nettet på treningane enn det den kanskje gjorde tidlegare, så har vi saman komt eit godt stykke på veg!
Det er enklare for utøvarane meistre drillar der ballen ikkje går over nettet, eller der ein ikkje må ta val og følgjer heilt faste mønster! Difor vil det vere ein overgang for både utøvarar og trenarar når til dømes ei øving som har blitt gjort på den måten, kanskje blir gjort om til noko som går over nett, der utøvarane må utføre ei handling basert på den situasjonen som oppstår. Når det blir krevjande, kan det vere fristande for ein trenar å fikse dette med å gå tilbake til drillar som skjer på eiga side av nettet, med faste mønster, der utøvarane slepp å ta val. Det er viktig at trenarar sprer tryggleik hos seg sjølv, og til utøvarane, om at læring ikkje ser slik ut:
..men heller slik:
Sjå difor om vi heller kan gjere oppgåvene litt enklare utan å bevege oss inn i noko som ikkje liknar på idrettane våre, dersom utøvarane slit med å meistre ulike ferdigheiter, øvingar eller spel. Skal vi trene for å sjå bra ut på trening, eller skal vi trene for å prestere? Dette er det store spørsmålet når vi ser trening i samband med å skape læring. Vi tenkjer at vi bør velge det siste, og samstundes ha det skikkeleg kjekt på vegen dit!
Lukke til! 🏐