Korleis kommunisere som trenar?

Korleis kommunisere som trenar?

Kommunikasjon er det kanskje viktigaste verktøyet vi har som trenarar og kan, som alt anna i vår rolle, ha stor innverknad i både positiv og negativ forstand for utøvarar i alle aldrar. Vi ønskjer ein form for kommunikasjon som fremjer glede og meistring ved idrettane våre. Under følgjer nokre tips til refleksjon som du kan nytte i din kvardag som trenar.

 

Korleis gje gode tilbakemeldingar eller feedback? 📣

Catch them being good

  • Lat oss starte med noko som kan vere eit nyttig utgangspunkt. Vi ønskjer først og fremst å gjere utøvarane merksame på kva dei får til, i motsetnad til når ein ikkje lukkast. Catch them being good er eit godt pedagogisk uttrykk, som bør vere dominerande i alle samanhengar der ein jobbar med folk. Det vil vere fristande å kommentere eller gje tilbakemeldingar på det utøvarane ikkje får til, som oftast med ein intensjon om å hjelpe. Då kan det vere lurt å hugse på at læring av ferdigheiter ikkje er ein lineær og “vakker” prosess, men heller noko som inneheld stor variasjon. Hjelp difor utøvaren med å halde fokus på det ein får til!

Ein god demonstrasjon er meir verdt enn ord 🖼

Kan du demonstrere ein ferdigheit, og vere eit godt øvingsbilete for utøvarane? Gjer det! Mange har sikkert forsøkt å forklare ei gruppe ungar om korleis bein og armar må vinklast, eller korleis ein må settje den eine foten framfor den andre. Og uansett kor mange ord ein har nytta, så skjønte ikkje ungane kva du skulle fram til.

  • Vis – forklar (litt og enkelt) – Vis

Dette kan vere ei nyttig oppskrift for å introdusere ein ferdigheit. Lat oss ta eit døme med ferdigheiten serv:

  • Vis den serven du ønskjer at utøvarane skal lære seg
  • Forklar ved å bruke enkle nøklar, og spør utøvarane om nøklane. Døme ved ein flakkserv: Treffer eg ballen midt i handa, eller på toppen av fingrane? Er handa mi slapp eller stiv, når eg treffer ballen?
  • Vis serven eit par gonger til

Lange forklaringar, særleg for dei yngste, er i praksis bortkasta tid. Korte sesjonar med vis-forklar-vis, før utøvarane får jobbe sjølv, der vi ser etter nøklane vi har nytta, er ein mykje meir effektiv metode.

Vi ønskjer alltid å demonstrere heile ferdigheiten vi ønskjer at utøvaren skal lære, istadenfor å plukke den frå kvarandre. Samstundes som vi trenar på den heile ferdigheiten serv, som i dømet, kan vi ha ekstra fokus på ulike nøklar for serving. Sjekk ut nøklar, både i eit avsnitt under her, og under Korleis planlegge treninga.

Før du gir ei tilbakemelding, gje utøvarane tid til å trene

Ei tilbakemelding frå ein trenar kan vere “gull” for ein utøvar, og samstundes raskt bli til gråstein. Vi ønskjer å gje utøvarane tid til å trene (eller lære), og bør difor tilpasse mengde og tid for tilbakemeldingar deretter. La utøvaren få 4-5 repetisjonar på den oppgåva ein jobbar med, før vi gir ei tilbakemelding. Den forma for tilbakemelding blir kalla “summerande” (summary feedback). Hugs at vi ønskjer å skape utøvarar som til sjuande og sist er lite avhengige av deg som trenar!

Vær konkret, og bruk nøklar! 🔑

  • For at ei tilbakemelding skal bli “gull” for utøvaren, er det viktig at den er konkret. Verdien i å seie “bra” eller “bra jobba”, utan meir innhald, er avgrensa for utøvaren eller laget. Lat oss byte ut dei uttrykka med noko meir! Nokre dømer på kva vi kanskje kan seie istadenfor:

“Bra Iver, no er du flink til å gå etter ballar i forsvar!”

“No er du flink til å halde vinkelen i mottak, Hege!”

“I dag har dokke vore flinke til å kommunisere tydeleg om kva som skjer på den andre sida av nettet”

  • Det er ikkje alltid lett å gje konkrete tilbakemeldingar. For at det skal bli enklare, kan det vere lurt å ha nokre nøklar for dei ulike delane av spelet, som skildrar det ein ønskjer å jobbe med på ein enkel og tydeleg måte. Ein god nøkkel vil gjerne vere eit ord, eller eit kort uttrykk. Desse nøklane betyr noko for utøvarane, eller skal bety noko for utøvarane i framtida, og dannar grunnlaget for korleis vi som trenarar kommuniserer i løpet av ei økt. For mottak, kan ein nøkkel vere “tydeleg vinkel”. Når ein skal guide utøvarane i mottak med det som ein nøkkel, er det uttrykket vi brukar, i motsetnad til å skildre same situasjon på mange ulike måtar. Kontinuitet i korleis ein kommuniserer som trenar er viktig for utøvarane, og vil bidra til å skape ein raud tråd både i den aktuelle økta, og i seinare økter. Nokre dømer følgjer, med nøkkelen utheva:

“Bra Øystein, no er du flink til å angripe på veg opp!”

“Der er du flink til å bruke bakken, Synnøve!”

“Der var det raudt lys, og du gjorde eit godt val med det angrepet, David!”

I desse to døma har Øystein ein nøkkel for angrep (på veg opp), Synnøve har ein nøkkel for legging (bruke bakken), medan David har ein nøkkel for situasjonar i angrep der vi truleg ikkje kan vinne ballen (raudt lys). Nøklane skal gje meining for gruppa, og det er gruppa som eig dei nøklane ein velgjer. Finn nokre nøklar for det du ønskjer at utøvarane skal jobbe med, og bruk dei når du kommuniserer! Sjekk temaet Korleis planlegge treninga for dømer på korleis nøklar kan nyttast i ein øktplan.

Sjekk kva utøvaren såg, før du kjem med di vurdering

Kva var det utøvaren såg eller tenkte i ein gitt situasjon? Kva førte til det valet utøvaren til sjuande og sist endte opp med å gjere? Det kan vere lurt for ein trenar å avklare desse momenta, før ein kjem med si eiga vurdering eller ei tilbakemelding på ein situasjon i trening. Ein trenar har gjerne gode tankar om korleis ein situasjon kan løysast betre, basert på korleis ein sjølv såg og vurderte situasjonen. Det kan vere tidkrevjande å gjere dette kvar gong, særleg i store grupper. Ha det likevel i bakhovudet, og ta ein sjekk med jamne mellomrom!

 

Stille spørsmål, eller gje instruksjonar? 🤔

  • Vi ønskjer i utgangspunktet å hjelpe utøvaren til å oppdage løysinga sjølv. Dette kan kallast “guided discovery”. Læring, definert som “varig endring av atferd over tid”, skjer best når ein sjølv oppdagar løysinga på eit problem. Dersom god læring er målet, så bør ein la utøvaren få reflektere sjølv i større grad enn å gje reine instruksjonar. Basert på kva alder det er i ei treningsgruppe, vil måten dette kan gjerast på endre seg. For dei eldste, og meir erfarne utøvarar, kan ein stille meir opne spørsmål:

Trenar: “Korleis vurderte du den situasjonen i angrep, Line?”  

Utøvar: “Eg synest den var vanskeleg, og eg klarte ikkje å slå ballen dit eg ville..”

Trenar: “Kva situasjon var oppleggaren din i før det legget, var den god eller vanskeleg?”

Utøvar: “Den var ikkje så lett.. Ho måtte legge ballen frå ein høg forsvarsball, og langt!”

Trenar: “Kunne du gjort noko med kvar du starta tilløpet ditt i den situasjonen, for å vere enklare å legge til?”

Utøvar: “Hmm.. Eg kan kanskje komme meg litt nærare oppleggaren? Legget blir jo nesten alltid høgt og kort på dei ballane der.”

Trenar: “Det høyrest ut som ei god løysing! Då trur eg det kan bli enklare å få beina til ballen, og angripe dit du ønskjer”

Dette er eit døme på ein måte trenarar kan guide utøvaren mot å oppdage ei løysing sjølv, og det treng ikkje å vere så mange spørsmål som vi har nytta i dømet her. Ein kan til dømes stille eit enkelt spørsmål:

Trenar: “Kvar starta du tilløpet ditt på det førre angrepet, Line?”

Det er ikkje sikkert at svaret trenaren får frå Line, er heilt i tråd med det vi tenkjer kan vere ei god løysing. Då kan eit neste mogleg spørsmål vere:

Trenar: “Hugsar du kva vi har jobba med når oppleggaren må legge lange og vanskelege ballar?”

Dersom Line ikkje hugsar dette, så kan trenaren ta ein liten repetisjon på korleis situasjonen kan løysast, og kvifor vi tenkjer det kan vere lurt. Dersom vi skal gje eit døme på ei god og konkret tilbakemelding når vi ser Line få dette til, så kan det vere:

“Der var det ein vanskeleg situasjon for oppleggaren, og du var flink til å justere tilløpet ditt, Line!”

  • For yngre, og mindre erfarne utøvarar, lagar vi ein enklare spørsmål:

“Kva kan vi gjere for å spele ballen høgare?”

“Dersom du vil slå ballen høgt, må du vere tidlegare eller vente litt meir?”

“Korleis traff ballen armane dine der?”

“Var dokke flinke til å snakke saman når den ballen kom mellom dokke?”

“Kva skjer om du strekker armane dine litt meir? Skal vi gjere det nokre gonger?”

Det er ikkje alltid vi får gode svar, særleg fordi mange utøvarar er vande med å bli fortalt nøyaktig kva ein skal gjere. Difor må ein vere tålmodig som trenar i ein slik prosess, særleg med dei yngste. Hugs at vi ønskjer å skape utøvarar som i liten grad er avhengig av deg! Har du lagt merke til at det på nokon lag, dersom det skjer ein “feil” på bana, gjerne er to, tre eller seks hovud som snur seg mot trenaren? Til ettertanke!

Sjølv om vi ønskjer å gje moglegheita til refleksjon først, i større eller mindre grad, så er det ikkje ulovleg å gje tips, råd eller instruksar om korleis ei oppgåve kan løysast. Vi ønskjer samstundes å gjere det på ein måte som ikkje berre løyser eit “problem” i ein augneblink. Lat oss ta eit døme, der trenaren ønskjer at Ahmed skal bli flinkare til å skape ein god vinkel med baggerslaget sitt for å spele ballen dit ein ønskjer:

Trenar: Kjenner du at det er vanskeleg å kun vinkle armane i baggerslaget ditt for å spele ballen dit, utan at skuldrane gjer det same?

Ahmed: Det har eg ikkje tenkt på. Når du seier det, så blir det veldig anstrengt utan at skuldrane er med!

Trenar: Då gjer vi det slik at du er skikkeleg flink på dei neste ballane til å få skuldrane til å peike mot dit du ønskjer å spele ballen. Så kan vi sjå om det gjer det enklare å lage ein god vinkel!

  • Ahmed får jobbe minimum fem repetisjonar på eigahand

Trenar: Korleis kjentes det ut?

Ahmed: Det var mykje enklare å vinkle ballen! Særleg på dei ballane eg blir nødt til å spele på utsida av kroppen.

Trenar: Då kan skuldrar mot target vere ein god nøkkel for deg i mottak. Lat oss jobbe vidare med det!

 

Skal vi gje ris eller ros? 🌹

Dei fleste vil truleg vere einige i at det er lite hensiktsmessig å kjefte på utøvarar for å skape betre læring av ferdigheiter. Kvifor er det slik at ein i nokre tilfelle vil oppleve at prestasjonen ikkje blir betre etter ros, og at den blir betre etter kritikk/kjeft? Blir vi lurt av den effekten? Les kva den verdskjente psykologen Daniel Kahneman skriv om akkurat denne problemstillinga:

“The psychologist Daniel Kahneman, winner of the 2002 Nobel Memorial Prize in Economic Sciences, pointed out that regression to the mean might explain why rebukes can seem to improve performance, while praise seems to backfire.[13]

I had the most satisfying Eureka experience of my career while attempting to teach flight instructors that praise is more effective than punishment for promoting skill-learning. When I had finished my enthusiastic speech, one of the most seasoned instructors in the audience raised his hand and made his own short speech, which began by conceding that positive reinforcement might be good for the birds, but went on to deny that it was optimal for flight cadets. He said, “On many occasions I have praised flight cadets for clean execution of some aerobatic maneuver, and in general when they try it again, they do worse. On the other hand, I have often screamed at cadets for bad execution, and in general they do better the next time. So please don’t tell us that reinforcement works and punishment does not, because the opposite is the case.” This was a joyous moment, in which I understood an important truth about the world: because we tend to reward others when they do well and punish them when they do badly, and because there is regression to the mean, it is part of the human condition that we are statistically punished for rewarding others and rewarded for punishing them. I immediately arranged a demonstration in which each participant tossed two coins at a target behind his back, without any feedback. We measured the distances from the target and could see that those who had done best the first time had mostly deteriorated on their second try, and vice versa. But I knew that this demonstration would not undo the effects of lifelong exposure to a perverse contingency.”

Vi let oss ikkje lure. Sjølv om vi kan vere tydelege ovanfor dei vi trenar, særleg når det gjeld dei verdiane vi tenkjer er viktige for ei gruppe (som til dømes respekt for kvarandre), så vil det mest produktive vere å framheve dei gode døma. Catch them being good!

Vår anbefaling, dersom du berre kan velge ei tilbakemelding, anten som trenar eller som foreldre?

  • Det er kjekt å sjå deg spele!

 

MEN – IKKJE – PRØVE → Ord vi kan vurdere å bytte ut 💡

  • MEN: Vi nyttar typisk “men” når vi gir ei tilbakemelding der noko har vore bra, og noko kan bli betre. “Det var eit fint mottak, MEN du må komme deg raskare opp frå golvet neste gang”. For mange, så vil den gode tilbakemeldinga gå i gløymeboka når ein høyrer ordet “men”. “Du var skikkeleg fin på håret, men..”. Lat oss byte ut “men” med “og”! “Det var eit fint mottak, OG så skal vi komme oss raskare opp frå golvet neste gang”. 
  • IKKJE: Det er betre å kommunisere kva vi ønskjer at ein utøvar eller eit lag faktisk skal gjere! Skal vi IKKJE sjå til venstre, eller skal vi sjå til høgre?
  • PRØVE: Ønskjer vi at utøvarane skal PRØVE å spele eit mottak, eller ønskjer vi at dei skal spele eit mottak? PRØVE kan gje ein veg ut frå det å faktisk gjennomføre!

Lukke til! 🏐

Share on print
Skriv ut artikkelen