Kven er lettast å få tak i

Kven er lettast å få tak i

Barn og eldre er mest aktive – 9 av 10 barn mellom 7 og 12 dyrkar regelmessig mosjon. Deretter fell tidsbruken med små toppar i alderen 16-19 år, 20-29 år og endeleg 60-69 år. Dei minst aktive er aldersgruppen 30-39 og 70+.

Barn er altså ei gruppe som er svært aktive i forhold til å drive idrett i fritida. Men dei er også ei gruppe som kan vere vanskeleg å halde på – mange barn prøver fleire idrettsgreiner før dei kanskje vel “si” idrettsgrein. Derfor seier all forsking at kvalitet i det dei møter er ein av dei mest avgjerande faktorane for at dei blir i ein idrettsgrein.

Dersom de som klubb gjerne vil ha fleire barn eller starte opp eit ungdomslag (aldersbestemt lag), er det naturleg å ta kontakt med den lokale skulen og/eller SFO. Skuleturneringar er ein god stad å starte. Det er likevel relativt viktig at barna på desse stemna blir gjort merksame på at det finst ein volleyballklubb, trenar og treningstid som står og ventar på dei. Lag ein liten foldar og få gjerne nokon frå klubben til å stille opp på skuleturneringa som ambassadør for klubben. For mange barn (og vaksne) er det å skulle starte på noko nytt ikkje alltid så hyggeleg. Dersom dei veit kven trenaren er, og veit noko om klubben og sporten, er det uansett lettare å bestemme seg for å møte opp.

På same måte kan det vere ein ide å bli ein del av kommunen sitt sommarferieprogram for barn og unge, lage små begynnartreningar på dei lokale skulane, m.m. 

Eldre

Å starte eit pensjonistlag kan vere ein god ide for klubben, spesielt dersom de har litt halltid til overs. Dei fleste pensjonistar, både dei med og utan volleyballbakgrunn, har eit ønske om å vere fysisk aktive og sosiale. Og det er jo akkurat dette ei volleyballtrening kan gi dei – i god kombinasjon. Eit pensjonistlag vil garantert berike klubben, både på den eine og andre måten.

Share on print
Skriv ut artikkelen