Gode råd

Å bli sett som heile menneske – livet er meir enn volleyball, faktisk.. Snakk med kvarandre og ver interessert i kven du spelar eller trenar med. Å vere nysgjerrig er god medisin mot fråfall. Det har mange positive effektar å spørje om korleis utøvarane har det utanfor bana. Hugs at dei har eit liv utanfor hallen også. Hugs at skule og utdanning alltid går foran sporten – så hjelp spelarane med å planlegge tida.

Klubben og trenarane ser til at rammene omkring trening, omkledning, transport, sosiale arrangement er slik at alle kjenner seg velkomne og viktige.

Ærlege trenarar og leiarar – du treng ikkje vere verdas beste volleyballtrenar. Det er derimot viktig at du er ærleg, og at du tør å vedgå dine feil og manglar. Bruk dei på laget/i klubben. Dere kan utnytte at alle er ulike, har ulike styrker, og gi kvarandre ulike roller på laget!

Ver merksam på at spelarane på eit lag har ulike grunnar for å vere med på volleyball. Då har dei også ulike forventningar. Lag eit møte og få kartlagt kva den enkelte spelar har for behov og ressursar. Lag målsetting for laget. Kva vil vi i lag, og korleis kjem vi dit? Når dette er gjort, er greitt å lage avtalar og stille krav.

Viss det er få spelarar i klubben eller på laget må ein prøve å finne samarbeidspartnarar, kanskje i ein naboklubb eller ved å få med nokre ekstra spelarar på enkelte treningar i veka. Kanskje de kan få med ei som slutta i fjor på trening kvar tirsdag? Samtrening, lagsamarbeid, felles arrangement m.m.

Skap rammer som gir plass til ulikskap. Nokre vil trene 4 gonger i veka, medan andre berre 1 gong. Viss vi vil at mange skal spele volleyball er det akkurat der det begynner. Å tillate at vi er forskjellige ved å lage rammer som er ok for laget. Men hugs at dette igjen kan medføre at nokon sluttar, for det er ikkje enkelt å ta omsyn til alle.

Progresjon. Alle som har valt volleyball har eit ønskje om å bli betre ( i større eller mindre grad naturlegvis). Det er difor særs viktig å skape eit rom der det er fokus på utvikling. Lær spelarane å gjere litt ekstra innsats! Sveitte i panna er superviktig og gir for det meste glade spelarar. Men prioriter også fordjuping på tidspunkt i treninga. Gi også spelarane små oppgåver der dei sjølve skal “på bana” i forhold til å finne taktiske og tekniske løysingar. Mestring! Det er topp å kunne noko!

Hugs at vi lærer ulikt. Det er mange vegar til målet – difor skal treninga også vere variert. Leik og moro er ofte ein god innfallsvinkel. Konkurranse motiverer mange, men det kan også flytte fokus!

Tradisjonar – skap dei! Born og unge er slik som vi andre, dei elskar tradisjonar! Det kan både vere til treningane i form av spesielle lagøvingar (dei som laget likar best) kamp/trenings-rop/songar m.m. Det kan også vere ei årleg treningsweekend med overnatting eller det kan være karnevalstrening eller julegris-turneringer m.m. I det heile kan aktivitetar litt “utenfor boksen” dvs. aktivitetar som er annleis enn den normale treninga, ha positiv effekt for spelarane, trenarane og leiarane. Mix-turnering, tur til elite-kamp, felles kveldsmat m.m.

Skap eit miljø der det er ok å gjere feil – som trenar; gå foran og ikkje prøv å skjule dine eigne feil. Feil er ein naturleg del av prosessen i å prøve noe nytt og arbeide for å bli betre.

Verda endrar seg, men gjeld det vår idrett også? Forandring fryder, så ver ikkje redd for å gå nye vegar. Tenk kreativt og benytt deg av omgivelsane. Kan vi bruke trappene, garderobe og ballrom? Kva med parkeringsplassen eller tribunen? Utnytt kvarandre sine ressursar – kanskje er det ein av spelarane, ein forelder eller annan som har spisskompetanse på noko som ville vere spennande å prøve.

Share on print
Skriv ut artikkelen