Frivillige - klubben sitt fundament

Klubbane våre er avhengige av frivillige. Frivillige er nerven til å få tinga til å spele saman. Dessverre veks frivillige ikkje på tre, og derfor er det fleire ting som er viktige å vere merksam på i klubben sitt arbeid med frivillige. 
På denne sida vil vi kome nærare inn på ulike måtar å rekruttere frivillige på, klargjere kva som kan gjerast for å skape rammer omkring den frivillige, som gjer det freistande å vere ein del av klubbmiljøet. For det er faktisk det det handlar om – å gjere det attraktivt! Altfor ofte tar vi for gitt at alle dei som trener laga, ryddar opp i ballrommet, lager terminlister, arrangerer sosiale treff, bestiller ballar/nett og tusen andre oppgåver eigentleg gjer det fordi dei synest det er moro. Realiteten er at sjølve oppgåva i seg sjølv ikkje er nok, men at det skal heder, ros og merksemd omkring den frivillige for at vedkomande held fram arbeidet. Dette er derfor ei oppfordring – gjer det freistande for dei frivillige å vere i nettopp dykkar klubb. Då er det lettare å rekruttere og halde på frivillige.

Korleis rekruttere og halde på frivillige?

Utan frivillige, ingen klubb – så enkelt kan det seiast. Frivillige er den største og viktigaste ressursen. Derfor er det å rekruttere og halde på dei frivillige ei primæroppgåve for dei fleste klubbar. 

Ifølge NIF viser undersøkingar at dei idrettslaga som arbeider systematisk med rekruttering og har ein plan for både oppgåver og utføring, også har lettare for å finne frivillige – og å halde på dei. 

Trenarar

Trenarane er heilt sentrale for klubben sin eksistens. Det er dei som legg til rette og gjennomfører tusenvis av timar i hallen. Det finst mange forskjellige typar trenarar. Det er ulikt kva som motiverer den enkelte, men det er heilt grunnleggande at dei kjenner seg sett og høyrt uansett ambisjonsnivå, viten og fagleg kompetanse.

Ein trenar må sjonglere med mange ballar i lufta. Derfor har vi forsøkt å gi ei rekke hjelpeverktøy som kan forenkle nokre av dei mange oppgåvene. For det er ikkje slik at trenaren må gjere alt – foreldre og andre personar rundt laget kan bidra med mye, og dermed forenkle arbeidsbyrden for trenaren.

Oppmann

Oppmannen skal være en avlastning for treneren. Veldig ofte har treneren mange flere oppgaver enn “bare” å stå i hallen og trene spillere. Flere av disse andre oppgavene kan med enkelhet delegeres til for eksempel en oppmann. Den ideelle oppmannen tar seg av alt det praktiske omkring laget. 

Oppmannen får, gjennom sine oppgaver rundt laget, god innsikt i miljøet og spillerne, og han/hun er en viktig brikke i samspillet mellom spillere/trener. Det må naturligvis være en klar og tydelig forventningsavklaring mellom trener og oppmann.

Styret

Styret er dei “usynlege” bakmennene, og det er dei som skaper rammene for klubben. Styret er med på å setje dagsorden i klubben.