Det er viktig å ha ei oppdatert heimeside. Det finst mange heimesider kor den siste oppdatering er eit par år gamal. Treningstider er frå året før, og det er umogleg å finne fram til dei ulike laga og kontaktpersonar. Enkelte klubbar kommuniserer med eit «internt» språk som: – vi møtast i hallen. Dette blir ei utfordring når ein kjem til klubben første gang.
Sørg for at heimesida er klar og tydeleg. Det viktigaste er at sida inneheld praktiske opplysningar, men sørg for at det som står er oppdatert og riktig.