Ein god velkomst
Vi veit alle korleis det er å kjenne seg litt aleine. Det kan vere vanskeleg å dukke opp ein ny plass kor dei andre kjenner kvarandre, kor dei ikkje akkurat held deg utanfor, men heller ikkje gjer så mykje for å integrere deg i gruppa.
Omvendt kjenner vi også den herlege kjensla når nokon kjem oss i møte og gir oss en varm velkomst. Da vil det kjennast som at andre verkeleg vil vere i lag med oss.
Dei fleste klubbar ser kor viktig det er med personleg kontakt med nye medlem og ikkje berre bruke meldingar på heimesida, mail, Facebook eller sms . Meldingar om oppmøte og kven som skal møte den nye, bør ikkje berre sendast på telefonen. Det kan oppstå misforståingar, meldinga har kanskje ikkje nådd trenaren , og den nye blir usikker og kjenner seg utrygg. Dette er ikkje ein god start. Kort sagt er vi sikre på at det beste er å få ein personlig kontakt som tar seg av den nye, presenterer han/ho for laget og trenaren. Dermed er det større sjanse for at den nye kan kjenne seg velkommen og trygg – og har lyst å komme neste gang.