Å halde på spelarane

Passar aktivitetane i klubben din med behova og ønskja som medlemmene har? Kven bestemmer kva som skal skje i klubben, styret eller medlemmane? Er klubben ein fast storleik eller er den dynamisk og villig til å endre på aktivitetar og kultur?

Vi skal som volleyballklubbar romme mange ulike individ, der alle har sine eigne grunnar og eigen bakgrunn for å velje eller vrake volleyball.

Her er nokre av ulikskapane:

  • Dei som går til “noko” – og dei som går med “nokon”
  • Dei som har valt sjølv og dei som er blitt “kraftig oppfordra”
  • Dei tidlege og dei seine startarane (Relevant i ein teknikkrevjande sport som volleyball)
  • Dei allsidige – som dyrkar idrett og alt mogleg anna
  • Dei tryggleikssøkjande individualistane
  • Dei fokuserte spelarane – dei som vil utvikle seg
  • Dei fokuserte strebarane – dei som vil vinne
  • Dei ressurssterke og fleksible
  • Dei som har med ei idrettshistorie heimefrå, og dei som ikkje har

Kva er det så klubb/leiar/trenar kan gjere for at spelarane blir verande i sporten?

Hugs at det ofte er dei som startar sist som stoppar først! Volleyball er eit teknisk vanskeleg spel, og difor vil dei som startar seinare enn andre vere på etterskot når det gjeld teknikk. Korleis skal vi som leiarar, trenarar og lagkameratar gjere det attraktivt for nye og teknisk uferdige spelarar å bli verande i klubben?

Og ikkje minst, VIL vi halde på dei sjølv om dei kan opplevast meir som ei belastning enn eit pluss? Sjå framover – og hugs på at det kan vere vanskeleg å vurdere om ein spelar i framtida kan bli ein positiv aktør
i klubben, og om klubben kan bli eit stort pluss for spelaren.