Sosiale arrangement

For å skape ei eiga identitet i klubben, kan det vere ein god idè å begynne med nokre tradisjonar. Eit fast årleg arrangement er eit godt høve for  spelarar og trenarar å møtast på tvers av dei repektive laga sine. Det kan vurderast å lage eigne festar for seniorar og nokre artige arrangement for dei yngre årsklassane. Dei yngste kjem kanskje ikkje åleine, og det kan difor vere eit høve til å skape relasjonar også til spelarane sine familiar. Det kan vere eit viktig grep for å halde spelarane i klubben.

Døme på sosiale arrangement:

  • Oppstartfest
  • Felles klubbtur, eventuelt med overnatting i hytte eller telt
  • Julefrukost
  • Juletrefest
  • Sommargrill med sandvolleyball eller grasvolley
  • Klubbmeisterskap – mixturnering på tvers av laga – karneval-cup
  • Treningsleir med laget og andre lag i klubben

Kodeks

Viss vi vil halde på medlemmene i klubben, er det viktig med semje om korleis vi skal ta vare på kvarandre.

Lag eit KODEKS for korleis vi snakkar med/til kvarandre. Hugs at du som leiar, forelder, medspelar og trenar skal vere eit godt førebilete. Det er i orden å vere kontant, MEN først og fremst skal ein vere medmenneske. Lag KODEKS for god framferd. MEN HUGS – et KODEKS skal vere meir enn eit stykke papir som styret har vedteke. Det meste arbeidet er å få det i bruk i dagleglivet i klubben!!

Lag KODEKS for korleis vi tek i mot nye spelarar og korleis vi oppfører oss mot dei kjempar litt med seg sjølv eller med teknikk og taktikk. Det er ALLE sitt ansvar å å gjere dei nye gode og få dei til å kjenne seg velkomne! Vi har alle vore nye og uferdige ein gong!

Gode råd

Å bli sett som heile menneske – livet er meir enn volleyball, faktisk.. Snakk med kvarandre og ver interessert i kven du spelar eller trenar med. Å vere nysgjerrig er god medisin mot fråfall. Det har mange positive effektar å spørje om korleis utøvarane har det utanfor bana. Hugs at dei har eit liv utanfor hallen også. Hugs at skule og utdanning alltid går foran sporten – så hjelp spelarane med å planlegge tida.

Klubben og trenarane ser til at rammene omkring trening, omkledning, transport, sosiale arrangement er slik at alle kjenner seg velkomne og viktige.

Ærlege trenarar og leiarar – du treng ikkje vere verdas beste volleyballtrenar. Det er derimot viktig at du er ærleg, og at du tør å vedgå dine feil og manglar. Bruk dei på laget/i klubben. Dere kan utnytte at alle er ulike, har ulike styrker, og gi kvarandre ulike roller på laget!

Ver merksam på at spelarane på eit lag har ulike grunnar for å vere med på volleyball. Då har dei også ulike forventningar. Lag eit møte og få kartlagt kva den enkelte spelar har for behov og ressursar. Lag målsetting for laget. Kva vil vi i lag, og korleis kjem vi dit? Når dette er gjort, er greitt å lage avtalar og stille krav.

Viss det er få spelarar i klubben eller på laget må ein prøve å finne samarbeidspartnarar, kanskje i ein naboklubb eller ved å få med nokre ekstra spelarar på enkelte treningar i veka. Kanskje de kan få med ei som slutta i fjor på trening kvar tirsdag? Samtrening, lagsamarbeid, felles arrangement m.m.

Skap rammer som gir plass til ulikskap. Nokre vil trene 4 gonger i veka, medan andre berre 1 gong. Viss vi vil at mange skal spele volleyball er det akkurat der det begynner. Å tillate at vi er forskjellige ved å lage rammer som er ok for laget. Men hugs at dette igjen kan medføre at nokon sluttar, for det er ikkje enkelt å ta omsyn til alle.

Progresjon. Alle som har valt volleyball har eit ønskje om å bli betre ( i større eller mindre grad naturlegvis). Det er difor særs viktig å skape eit rom der det er fokus på utvikling. Lær spelarane å gjere litt ekstra innsats! Sveitte i panna er superviktig og gir for det meste glade spelarar. Men prioriter også fordjuping på tidspunkt i treninga. Gi også spelarane små oppgåver der dei sjølve skal “på bana” i forhold til å finne taktiske og tekniske løysingar. Mestring! Det er topp å kunne noko!

Hugs at vi lærer ulikt. Det er mange vegar til målet – difor skal treninga også vere variert. Leik og moro er ofte ein god innfallsvinkel. Konkurranse motiverer mange, men det kan også flytte fokus!

Tradisjonar – skap dei! Born og unge er slik som vi andre, dei elskar tradisjonar! Det kan både vere til treningane i form av spesielle lagøvingar (dei som laget likar best) kamp/trenings-rop/songar m.m. Det kan også vere ei årleg treningsweekend med overnatting eller det kan være karnevalstrening eller julegris-turneringer m.m. I det heile kan aktivitetar litt “utenfor boksen” dvs. aktivitetar som er annleis enn den normale treninga, ha positiv effekt for spelarane, trenarane og leiarane. Mix-turnering, tur til elite-kamp, felles kveldsmat m.m.

Skap eit miljø der det er ok å gjere feil – som trenar; gå foran og ikkje prøv å skjule dine eigne feil. Feil er ein naturleg del av prosessen i å prøve noe nytt og arbeide for å bli betre.

Verda endrar seg, men gjeld det vår idrett også? Forandring fryder, så ver ikkje redd for å gå nye vegar. Tenk kreativt og benytt deg av omgivelsane. Kan vi bruke trappene, garderobe og ballrom? Kva med parkeringsplassen eller tribunen? Utnytt kvarandre sine ressursar – kanskje er det ein av spelarane, ein forelder eller annan som har spisskompetanse på noko som ville vere spennande å prøve.

Korleis halde på born og unge

Born og unge er ei gruppe som har mange muligheiter. Det er difor ein god ide å sjå nærare på korleis vi kan knyte dei nærare til klubben;

Få foreldra med på “prosjektet”! Få dei med på kva slags klubb, lag og idrett borna har valt. Still gjerne krav. Bruk dei foreldra som alt er i hallen. Lat dei trille ball, telje poeng, rydde opp i utstyr, hente vatn, pumpe ballar, m.m. Hugs på at dess meir du kan få foreldra involvert, dess meir oppbakking har born og unge i høve til idretten sin.

Kvalitet og engasjement i treninga. Det er ingen tvil om at viss unge møter eit miljø der dei har høve til å utvikle seg og trenarar som er engasjerte, så er det god sjanse for at dei blir verande og aktive i sporten. Trenarane treng ikkje å vere gode spelarar sjølv. Men viser dei engasjement og er ærlege om sine manglar, er det ikkje noko i vegen for at dei kan gode rammer for spelarane.

Det er få idrettar der gutar og jenter kan trene ilag både som born, ungdom og vaksne. Men dette er fullt mulig i volleyball. Det vil sikkert vere meiningsfullt å lage treningar/lag for begge kjønn.

Fakta:

I alle sportsgreiner er det fråfall i ungdomsåra – faktisk er det gjennomsnittleg 25 % av dei aktive sluttar når dei kjem i ten-åra.

Kvifor er det slik?

Klubbleiaren oppgir desse årsakane til at ungdom sluttar:

  • Fordi totalen; meir lekser/skulearbeid, ein ekstrajobb, andre vener, fester fører til tidspress
  • Fordi facilitetar/treningstilhøve er for dårlege
  • Fordi dei er trøytte/leie av aktiviteten

Utøvarane sjølve oppgir gjerne desse årsakane:

  • Manglande progresjon i treninga
  • Samhaldet på laget smuldra.
  • Veksande leksemengde/skulearbeid skaper tidspress

Det er med andre ord skilnad på kva “vi” trur er grunnen til at dei unge sluttar og grunnen dei unge kjem med sjølv.

Leirar

For klubben: Lag ei weekend-samling for klubben sine spelarar. På samlinga skal det spelast/trenast mykje volleyball i tillegg til andre oppgåver som å lage mat (kokkekamp er gøy!), underhaldning og små konkurransar (eks. Mesternes mester).

  • La trenarane finne eit tidspunkt der alle kan vere med. Det kan vere med eller utan overnatting.
  • Ein innbyr alle spelarane i klubben
  • Foreldre kan hjelpe til med kakebaking, matlaging m.m
  • Lag treningsplan for samlinga

For alle: La samlinga vere open for alle. Eventuelt kan ein samarbeide med trenarar/leiarar for andre klubbar. Felles planlegging er fint.

  • Lag innbyding og spør gjerne NVBF om dei vil legge den inn i sin kalender og hjelpe dykk med å spre invitasjonen til fleire.

    Sjå døme på innbyding her:

    (https://udvikling.volleyball.dk/images/KIDS_CAMP_p%C3A5_Haslev_Idr%C3%A6tefterskole.docx)

Her er et program: