Personleg kontakt

Personleg kontakt er god kontakt. Med dei mange elektroniske måtar å kontakte kvarandre på, er vi i stor grad gått over til å kommunisere med mail, sms og informasjon hentast på heimesider. Det betyr i praksis at hele prosessen – frå eit nytt medlem kontaktar klubben til han/ho står i hallen – går føre seg utan direkte kontakt med vedkomande. Dette kan jo vere ei ok løysing, men det kan også oppstå problem. Dersom ikkje trenaren har lest meldingar eller ikkje er informert av andre grunner, kan det bli eit irritasjonsmoment  at det plutseleg står ein ny spelar der.

Ein måte å ønskje nye spelarar velkomne på, er å ha ein ambassadør/faddar som spesielt skal ta seg av og inkludere nye. I volleyball er ofte oppvarming to og to vanleg. Fadderen skal då vere medspelar og samtalepartnar. Dette kan vare eit par treningar inntil ting går av seg sjølv.

Det er altså lettare å innfri forventningane til nye spelarar gjennom personleg kontakt både i informasjonsfasen og på dei første treningane.

Følg opp nye medlem

Hugs å komme tilbake til dei nye medlemmane og trenaren/oppmann. Spør om det går bra, og om aktiviteten svarer til forventninga. Kanskje er det plutseleg for mange på laget slik at trenaren får problem med  treningar/kampar. Kanskje er den nye spelaren hamna på feil lag/nivå, og det må jobbast med ei ny løysing. Det er også viktig å prate med foresatte og andre som er involvert i laget. Det kan etterkvart bli naudsynt å endre på noko.

Få styr på heimesida

Det er viktig å ha ei oppdatert heimeside. Det finst mange heimesider kor den siste oppdatering er eit par år gamal. Treningstider er frå året før, og det er umogleg å finne fram til dei ulike laga og kontaktpersonar. Enkelte klubbar kommuniserer med eit «internt» språk som: – vi møtast i hallen. Dette blir  ei utfordring når ein kjem til klubben første gang.

Sørg for at heimesida er klar og tydeleg. Det viktigaste er at sida inneheld praktiske opplysningar, men sørg for at det som står er oppdatert og riktig.

Alle er velkomne

Dersom klubben har ein politikk om at ALLE  er velkomne, er det viktig at alle i klubben er klar over det. Men at alle er velkomne, er ikkje det same som at alle passar inn overalt. Eit område der det kan bli problem, er innplassering av spelarar på det riktige laget (eller nivå) i klubben. Klubben må ta stilling til om dei verkeleg har plass til ALLE, også dei som ikkje held nivået til laga elles.

Det nytter ikkje at det står på heimesida at klubben har plass til alle, dersom trenaren seier at han ikkje vil ha nybyrjarar på laget. Da blir det eit tapt medlem.