Korleis halde på born og unge

Born og unge er ei gruppe som har mange muligheiter. Det er difor ein god ide å sjå nærare på korleis vi kan knyte dei nærare til klubben;

Få foreldra med på “prosjektet”! Få dei med på kva slags klubb, lag og idrett borna har valt. Still gjerne krav. Bruk dei foreldra som alt er i hallen. Lat dei trille ball, telje poeng, rydde opp i utstyr, hente vatn, pumpe ballar, m.m. Hugs på at dess meir du kan få foreldra involvert, dess meir oppbakking har born og unge i høve til idretten sin.

Kvalitet og engasjement i treninga. Det er ingen tvil om at viss unge møter eit miljø der dei har høve til å utvikle seg og trenarar som er engasjerte, så er det god sjanse for at dei blir verande og aktive i sporten. Trenarane treng ikkje å vere gode spelarar sjølv. Men viser dei engasjement og er ærlege om sine manglar, er det ikkje noko i vegen for at dei kan gode rammer for spelarane.

Det er få idrettar der gutar og jenter kan trene ilag både som born, ungdom og vaksne. Men dette er fullt mulig i volleyball. Det vil sikkert vere meiningsfullt å lage treningar/lag for begge kjønn.

Fakta:

I alle sportsgreiner er det fråfall i ungdomsåra – faktisk er det gjennomsnittleg 25 % av dei aktive sluttar når dei kjem i ten-åra.

Kvifor er det slik?

Klubbleiaren oppgir desse årsakane til at ungdom sluttar:

  • Fordi totalen; meir lekser/skulearbeid, ein ekstrajobb, andre vener, fester fører til tidspress
  • Fordi facilitetar/treningstilhøve er for dårlege
  • Fordi dei er trøytte/leie av aktiviteten

Utøvarane sjølve oppgir gjerne desse årsakane:

  • Manglande progresjon i treninga
  • Samhaldet på laget smuldra.
  • Veksande leksemengde/skulearbeid skaper tidspress

Det er med andre ord skilnad på kva “vi” trur er grunnen til at dei unge sluttar og grunnen dei unge kjem med sjølv.

Leirar

For klubben: Lag ei weekend-samling for klubben sine spelarar. På samlinga skal det spelast/trenast mykje volleyball i tillegg til andre oppgåver som å lage mat (kokkekamp er gøy!), underhaldning og små konkurransar (eks. Mesternes mester).

  • La trenarane finne eit tidspunkt der alle kan vere med. Det kan vere med eller utan overnatting.
  • Ein innbyr alle spelarane i klubben
  • Foreldre kan hjelpe til med kakebaking, matlaging m.m
  • Lag treningsplan for samlinga

For alle: La samlinga vere open for alle. Eventuelt kan ein samarbeide med trenarar/leiarar for andre klubbar. Felles planlegging er fint.

  • Lag innbyding og spør gjerne NVBF om dei vil legge den inn i sin kalender og hjelpe dykk med å spre invitasjonen til fleire.

Her er et program:

Lokalområdet

Del flyers ut i nærområdet
Sjå eksempel på ein flyer her

Gode stader å dele ut flyers:

  • skular
  • fritidsklubbar
  • lokale daglegvarebutikkar
  • til alle som bur i området, finn evt. fram til barnefamiliane

Heng opp plakatar


Gode stader å henge plakatar opp:

  • skular
  • på døren til hallen der de trener
  • Inne i hallen der de trener. (Der har skulane kanskje kroppsøving)
  • På den lokale daglegvarebutikken

Ver synleg dersom det vert halde nabofest, gatefest, byfest, idrettsfest og andre arrangement i nærområdet til din klubb.

  • Lag ei lita turnering til sommarfesten i byen eller på gata. De kan bruke Longnett og sette opp mellom to trær eller to lyktestolpar.
  • Del ut ein liten foldar, der det står kvar og når de trenar

Heimeside og sosiale medier

Heimeside

  • Det er viktig at heimesida er oppdatert
  • Det skal minimum stå noko om – treningstider, kor de trener, tlf. nr. på ein kontakperson, gjerne fleire dersom det er ulike til mini, ungdom og senior
Trykk på biletet over for meir info om heimesider

Facebook

  • Opprett ei eiga Facebookside for klubben då det er ein lett måte å kome i kontakt med medlemmane på
  • Opprett evt. ei Facebook-gruppe til nokre av laga. Her kan ein avtale kven som køyrer til kamp, kva for lag som skal meldast på turneringar m.m.

Kven er lettast å få tak i

Barn og eldre er mest aktive – 9 av 10 barn mellom 7 og 12 dyrkar regelmessig mosjon. Deretter fell tidsbruken med små toppar i alderen 16-19 år, 20-29 år og endeleg 60-69 år. Dei minst aktive er aldersgruppen 30-39 og 70+.

Barn er altså ei gruppe som er svært aktive i forhold til å drive idrett i fritida. Men dei er også ei gruppe som kan vere vanskeleg å halde på – mange barn prøver fleire idrettsgreiner før dei kanskje vel «si» idrettsgrein. Derfor seier all forsking at kvalitet i det dei møter er ein av dei mest avgjerande faktorane for at dei blir i ein idrettsgrein.

Dersom de som klubb gjerne vil ha fleire barn eller starte opp eit ungdomslag (aldersbestemt lag), er det naturleg å ta kontakt med den lokale skulen og/eller SFO. Skuleturneringar er ein god stad å starte. Det er likevel relativt viktig at barna på desse stemna blir gjort merksame på at det finst ein volleyballklubb, trenar og treningstid som står og ventar på dei. Lag ein liten foldar og få gjerne nokon frå klubben til å stille opp på skuleturneringa som ambassadør for klubben. For mange barn (og vaksne) er det å skulle starte på noko nytt ikkje alltid så hyggeleg. Dersom dei veit kven trenaren er, og veit noko om klubben og sporten, er det uansett lettare å bestemme seg for å møte opp.

På same måte kan det vere ein ide å bli ein del av kommunen sitt sommarferieprogram for barn og unge, lage små begynnartreningar på dei lokale skulane, m.m. 

Eldre

Å starte eit pensjonistlag kan vere ein god ide for klubben, spesielt dersom de har litt halltid til overs. Dei fleste pensjonistar, både dei med og utan volleyballbakgrunn, har eit ønske om å vere fysisk aktive og sosiale. Og det er jo akkurat dette ei volleyballtrening kan gi dei – i god kombinasjon. Eit pensjonistlag vil garantert berike klubben, både på den eine og andre måten.

Personleg kontakt

Personleg kontakt er god kontakt. Med dei mange elektroniske måtar å kontakte kvarandre på, er vi i stor grad gått over til å kommunisere med mail, sms og informasjon hentast på heimesider. Det betyr i praksis at hele prosessen – frå eit nytt medlem kontaktar klubben til han/ho står i hallen – går føre seg utan direkte kontakt med vedkomande. Dette kan jo vere ei ok løysing, men det kan også oppstå problem. Dersom ikkje trenaren har lest meldingar eller ikkje er informert av andre grunner, kan det bli eit irritasjonsmoment  at det plutseleg står ein ny spelar der.

Ein måte å ønskje nye spelarar velkomne på, er å ha ein ambassadør/faddar som spesielt skal ta seg av og inkludere nye. I volleyball er ofte oppvarming to og to vanleg. Fadderen skal då vere medspelar og samtalepartnar. Dette kan vare eit par treningar inntil ting går av seg sjølv.

Det er altså lettare å innfri forventningane til nye spelarar gjennom personleg kontakt både i informasjonsfasen og på dei første treningane.

Følg opp nye medlem

Hugs å komme tilbake til dei nye medlemmane og trenaren/oppmann. Spør om det går bra, og om aktiviteten svarer til forventninga. Kanskje er det plutseleg for mange på laget slik at trenaren får problem med  treningar/kampar. Kanskje er den nye spelaren hamna på feil lag/nivå, og det må jobbast med ei ny løysing. Det er også viktig å prate med foresatte og andre som er involvert i laget. Det kan etterkvart bli naudsynt å endre på noko.

Få styr på heimesida

Det er viktig å ha ei oppdatert heimeside. Det finst mange heimesider kor den siste oppdatering er eit par år gamal. Treningstider er frå året før, og det er umogleg å finne fram til dei ulike laga og kontaktpersonar. Enkelte klubbar kommuniserer med eit «internt» språk som: – vi møtast i hallen. Dette blir  ei utfordring når ein kjem til klubben første gang.

Sørg for at heimesida er klar og tydeleg. Det viktigaste er at sida inneheld praktiske opplysningar, men sørg for at det som står er oppdatert og riktig.

Alle er velkomne

Dersom klubben har ein politikk om at ALLE  er velkomne, er det viktig at alle i klubben er klar over det. Men at alle er velkomne, er ikkje det same som at alle passar inn overalt. Eit område der det kan bli problem, er innplassering av spelarar på det riktige laget (eller nivå) i klubben. Klubben må ta stilling til om dei verkeleg har plass til ALLE, også dei som ikkje held nivået til laga elles.

Det nytter ikkje at det står på heimesida at klubben har plass til alle, dersom trenaren seier at han ikkje vil ha nybyrjarar på laget. Da blir det eit tapt medlem.