Dersom klubben har ein politikk om at ALLE er velkomne, er det viktig at alle i klubben er klar over det. Men at alle er velkomne, er ikkje det same som at alle passar inn overalt. Eit område der det kan bli problem, er innplassering av spelarar på det riktige laget (eller nivå) i klubben. Klubben må ta stilling til om dei verkeleg har plass til ALLE, også dei som ikkje held nivået til laga elles.
Det nytter ikkje at det står på heimesida at klubben har plass til alle, dersom trenaren seier at han ikkje vil ha nybyrjarar på laget. Da blir det eit tapt medlem.