Actioncards

Action Cards er ein måte der ein kort og presist får definert oppgåver som skal løysast av frivillige. Når ein lagar Action cards, er det viktig at ein deler oppgåvene opp i ganske små og oversiktlege delar.
For å lage brukbare Action Cards, krevst det i første omgang at klubben får definert sine oppgåver. Ein ide til prosessen kunne vere at ein har ein temakveld der styret, spelarane og foreldra møtast. Her har ein brainstorm på alle oppgåver. Deretter arbeider ei mindre styregruppe med å få dei ulike oppgåvene definert. Det tar litt tid til å begynne med, men er eit verktøy som gjer det lettare å synleggjere og dermed “selje” oppgåvene i klubben.

Det er oppgåver som:

  • Turnerings-avvikling
  • Oppmann for et lag
  • Foreldremøte
  • Sparring til trenarane
  • Køyring
  • Turneringsoversikt  – terminliste
  • Heimeside
  • Julefest
  • Avslutningsfest
  • Kurs
  • Politiattestar
  • Søke halltider
  • Kontingentar
Share on print
Skriv ut artikkelen