Dei frivillige er det berande elementet i dei fleste klubbar. Derfor skal dei pleiast! Skal ein halde på dei frivillige, er det nemleg sentralt at dei frivillige kjenner seg som ein del av klubben. Følgjande punkt viser kva for område ein som klubb kan arbeide med for å sikre eit godt utgangspunkt for å halde på dei frivillige:
Den gode leiinga
Tenk over at de som klubb fungerer som leiar for dei frivillige. Det vil seie at de skal ta ansvaret for deira trivsel.
Klare og definerte oppgåver
Gje dei frivillige ein klar definisjon av oppgåvene. Kva er målet med oppgåvene? Kven hjelper vi? Gje gjerne fleire område å velje mellom. Tenk på at dei frivillige sine ønskje om oppgåver kan forandre seg år etter år, og derfor er det viktig å ta høgde for det viss ein ønskjer å halde på dei.
Utviklingsmuligheiter
Det skal vere plass til at den enkelte frivillige kan utvikle seg innanfor klubben sine rammer. F.eks. bli leiar for andre frivillige, få nye ansvars- eller arbeidsområde, få muligheit for sjølv å stå for nye prosjekt, føre idéar ut i livet osv.
Sosialt samver
Som frivillig er det viktig å kunne identifisere seg med dei andre frivillige og ha eit felles mål. Kaffe, kake og frukt til møta kan gjere ein stor forskjell. Å f.eks. halde arrangement av både fagleg og sosial karakter slik som opplegg med relevans, fellesmåltid, felles turar f.eks. til ein volleyballkamp, i teateret og liknande.
Anerkjennelse
Vis at klubben bakkar opp dei frivillige ved f.eks. å sende motiverande mail ein gang iblant, møte opp ute på aktivitetane og liknande.
Vis – ved å vere til stade også pr. mail eller telefon – at deira arbeid blir verdsett, og at klubben følgjer innsatsen deira.
Ein metode kan også vere å skrive artiklar om dei frivillige sitt arbeid på klubben si heimeside eller lage oppslag på Facebook med “takk for hjelpa”.
Det er bruk for nettopp deg
Som frivillig skal ein med det same kunne merke at det er bruk og behov for éin. Det å merke at nokon får nytte av hjelpa ein gjev, betyr mykje. Som frivillig skal ein kunne merke at ein er med på å gjere ein forskjell.